Tilbyr vaksinering for den nye influensasesongen

DEL

Bremanger kommune melder på sine nettsider at dei forventar å ta imot vaksinar frå tysdag 15. oktober.

I Norge varer influensasesongen vanlegvis frå november til april og generelt blir alle over 65 år, gravide og personar med hjarte- eller lungesjukdom eller dei som har nyre- eller lungesvikt, bedt om å vaksinere seg. Det kan også gjelde enkelte nevrologiske tilstandar, nedsett immunforsvar og personar med alvorleg fedme.

Kommunen viser til at vaksinasjonen reduserer risikoen for sjukdom og komplikasjonar.

Artikkeltags