Skal bygge landets største hybrid-linebåt

Nye "Atlantic" blir levert neste år. Teikna og designa av Skiptsteknisk.

Nye "Atlantic" blir levert neste år. Teikna og designa av Skiptsteknisk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Jan-Ove Langeland og kompanjongane frå Stadlandet, har signert kontrakt på landets største og mest miljøvennlege banklinebåt.

DEL

Linebåtreiarlaget Atlantic Longline er registrert i Ålesund, men er eigd av Jonny Årvik og Kjell-Gunnar Hoddevik frå Stadlandet og Jan-Ove Langeland frå Kjelkenes i Bremanger.

Nye «Atlantic» får ny batteriteknologi som blir tatt i bruk for å redusere drivstofforbruket.

– Satsinga på grøn og miljøvennleg teknologi er viktig for meg personleg og det er også noko både kjøparar og kundar er opptekne av, understrekar Jan-Ove Langeland.

Gamle Førde Junior

Den historiske linja bak dagens Atlantic-båt går tilbake til linebåtgründer og pioner Erling Førde i Bremanger. Den båten Atlantic Longline driv i dag er den siste linebåten som Erling og Asbjørn Førde fekk bygd under namnet Førde Junior.

Jan-Ove Langeland var først medeigar i Erliner, ein eldre båt som Erling Førde fekk bygd. Kåre Furnes, Jonny Årvik og Kjell Gunnar Hoddevik og Tore Johansen, som dreiv Fernando i Vågsøy, kjøpte etter kvart dei to Førde-båtane og døypte Førde Junior om til Atlantic. Etter generasjonsskifte på eigarsida,  er det dagens eigartrio som legg vilje til nyutvikling og satsing for dagen.   

I tillegg til autolionekapasitet på 72.000 krok, vil båten bli fullrigga for snurrevad med stort fokus på fangstbehandling og kvalitet. Fabrikken får ein innfrysingskapasitet på drygt 60 tonn i døgnet. I tillegg skal det leggast vekt på å ta vare på restråstoff som tidlegare har gått over bord. Vidare blir fangstbehandlinga gjort enklare med blokkhotell og automatisk palletering.

Kø for å få jobb

Det meste av utstyret om bord blir levert av lokale leverandørar. Det inkluderer blant anna fabrikk, kranar, møblement, framdriftsanlegg, batteriløysing, fryseri, navigasjonsutstyr og elektronikk.

Båten skal byggast ved det tyrkiske verftet Tersan Shipyard, og skal leverast i oktober 2019.

Jan Ove Langeland

Jan Ove Langeland Foto:

– Det er ei stor satsing og ei investering på over 200 millionar. Både Ennova, Innovasjon Norge og Sparebanken Vest er med og eg er veldig glad for å vere i front i det grøne skiftet. I tillegg får vi no ein båt med framtidsretta løysingar og ikkje minst gode arbeidstilhøve. Det gjer at folk no kan få eit betre og lenger arbeidsliv om bord. Dei siste åra har vi også satsa på lærlingordninga, men det har vore for lite plass om bord på dagens Atlantic. Faktisk er det kø for å få seg jobb om bord. Det er veldig kjekt, seier Langeland, som er skipper i 1:1-ordning. Også mannskapet jobbar i 1:1-skift. Det gjer at banklinefisket, som tradisjonelt har vore eit av det tøffaste fiskeria å jobbe i, no blir langt lettare å leve med, både for fiskaren og familien.

Nye «Atlantic» blir 62.8 x 14 mer  og er designa av Skipsteknisk.

Artikkeltags