Krympar anlegget, søker på nytt i Frøysjøen

Johnny Kjempenes i Havbrukspartner er ansvarleg for søknaden. Han representerer tre små oppdrettselskap frå Austevoll som samarbeider om etableringa.

Johnny Kjempenes i Havbrukspartner er ansvarleg for søknaden. Han representerer tre små oppdrettselskap frå Austevoll som samarbeider om etableringa. Foto:

Austevollingane er ikkje rådlause og søker om etablering av oppdrettsanlegg innafor området sett av i den forelda kystsoneplanen i Bremanger.

DEL

Området sett av til akvakultur ved Skipperdalsneset i gjeldande kystsoneplan er så smalt at det ikkje har plass til fortøyningsopplegget til eit normalt merdoppdrett anno 2019.

I oktober 2018 gav Fylkesmannen medhald til ein naboklage frå Anette Gotteberg Hovden. Fylkesmannen var samd i at planen er så gammal og utdatert at det ikkje er rimeleg å legge denne til grunn for eit nytt og moderne anlegg. Bremanger kommune er i gang med å lage nytt planverk for 2018-2030 og klagaren argumenterer med at det må vere betre å vente til denne er klar. Det var fylkesmannen si juridiske avdeling samd i.

Både Marine Harvest og eit samdriftsforetak dei tre selskapa Austevoll Melaks, Langøylaks og Troland Fiskeoppdrett frå Austevoll søkte om å få ta i bruk denne akvakulturlokaliteten. Marine Harvest har no lagt inn ein ny søknad på lokalitet på sørsida av Frøysjøen vest av fjellplatået der Hennøy Vindkraft er under bygging.

Johnny Kjempenes hos Havbrukspartner er ansvarleg for søknadsprosessen.

– Ved å ta i bruk ein velkjent teknikk frå offshore-industrien, greier vi å halde oss innafor området med fortøyningane. Elles så er høyringsfristen på søknaden no og ute. Vi har ikkje motteke protestar frå fritidshuseigarar eller andre denne gongen. Men det står att kva uttale vi får frå sektormyndigheitene, seier han.

– Kan dette bety nokre lokale arbeidsplassar i Berle til dømes?

– Vi har hatt møte med grendelaget i Berle, som er veldig positive. Vi reknar med at det kan bli to til fire arbeidsplassar på anlegget.

Gjer ny akvakulturframstøyt i Frøysjøen

Tenkt plassering av anlegget.

Tenkt plassering av anlegget. Foto:

Samdrifta

Dei tre selskapa Austevoll Melaks, Langøylaks og Troland Fiskeoppdrett har hand om åtte konsesjonar for laks og aure og driv også eigen rognkjeksproduksjon.

Dei har fått utfordringar med sjukdommen ILA, som er påvist hos storaktøren Sjøtroll i nabolaget og søker derfor ut av den regionen.

Dei nye forskriftene for fortøyningar gjer at det er svært vanskeleg å halde seg innafor areale som er sett av i kystsoneplanar for mange år tilbake.

- Anlegget er no minska slik at det er i samsvar med arealplanen. Både merder og fortøyningar er no innanfor arealet sett av til akvakultur, skriv sjef for plan og miljø i Bremanger, Magnhild Myklebust, i informasjonbrevet til fylkeskommunen.

Søknaden er lyst ut til offentleg for høyring på ny. Samstundes skal kystsoneplanen reviderast snart og dei aktuelle firmaa har spelt inn at areala for akvakultur bør utvidast etter dagens standard. Enn så lenge meiner dei å kunne halde seg innafor dagens grensedraging.


Den nye søknaden gjeld ein produksjon på 3120 MTB, medan tidlegare søknad var sett til 3500 MTB. Omgrepet MTB betyr maksimalt tilleten biomasse i anlegget.


Grendelaget i Berle har stilt seg positive til etableringa, medan det er hytte og fritidshus-eigarar ved Skipperdalsneset som ikkje ønsker å få eigedommane sine forringa av industrien.

Artikkeltags