Har slakta ILA-fisken i Bremanger

Lokaliteten på Bakjestranda på sørsida av Bremangerpollen. Det er det einaste sjøanlegget i pollen.

Lokaliteten på Bakjestranda på sørsida av Bremangerpollen. Det er det einaste sjøanlegget i pollen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Stig Bakke og Nordfjord Forsøksstasjon har slakta ut all den virusinfiserte laksen på Bakjestranda i Bremanger.

DEL

- Vi har sanert alt etter at vi fekk endeleg påvisning i mai. Vi veit framleis ikkje korleis sjukdommen er komen hit, men vi har gått tilbake igjen på prøvene frå tidligare, og det er funnet ILA allereie på februar-prøvene. Det er berre to månader etter at fisken vart sett ut, fortel Bakke til Kyst.no.

Bakke fortel at ni av ti fisk i anlegget var smitta av viruset som gir laksesjukdommen ILA.

Mattilsynet set inn tiltak i regionen for å hindre at andre oppdrettselskap blir råka av den farlege fiskesjukdommen som gjer laksen blodfattig. 

Nordfjord Forsøkstasjon sitt anlegg i Bremangerpollen er det einaste i dette konkrete området, men det ligg mange oppdrettsanlegg både på nordsida av Bremangerlandet og innover mot Nordfjord og på sørsida i Frøysjøen og austover mot Leirgulen og Rugsund.

Avstanden til Flora er meir betryggande, men når det gjeld virus-sjukdommar på oppdrettsfisk kan ingen kjenne seg trygge. Det gjeld å minimere mogleg spreiing av viruset via havstraumar og båttransport. No er det også oppdaga ILA i Fusa i Hordaland, melder iLaks. 

Stig Bakke reknar med at utslaktinga vil gje ein økonomisk baksmell på 2018-rekneskapen. Det var seks merder med 210.000 fisk på lokaliteten. 

Stig Bakke.

Stig Bakke. Foto:

Nordfjord Forsøksstasjon driv ikkje vanleg kommersielt oppdrett, men jobbar med utprøving av nye typar fôr.  Dei testar no ut bruk av planteprotein i laksefôret. Forsøket har vart sidan 2011 og er eit samarbeidsprosjekt med Veterinærinstituttet, Fishguard og fiskefôrprodusenten Polarfeed.

Kvar av dei to siste åra har verksemda bokført kring 15-16 millionar kroner i overskot, melder Fjordenes Tidende.  Det er etter at mellom andre samarbeidspartnar Veterinærinstituttet er betalt for jobben dei gjer med 1,4 millionar kroner i året, og Fishguard – ei verksemd med kontor i Måløy som tek seg av fiskehelsetilsyn – ifølgje Bakke har fått betalt «nokre hundre tusen». Også fôrprodusenten Polarfeed er med på prosjektet.

– Det er ein del avgrensingar, mellom anna må vi fôre med tre ulike diettar. Vi kan heller ikkje slakte når vi vil, forklarer Bakke.

Nyleg vart det gjort sluttuttak av fisk i samband med forskingsprosjektet. Fisken har stått i sjøen sidan august 2016, og det var ruggar på opptil 12 kilo som kom opp av merdane.

 Ifølgje prosjektleiar Ole Bendik Dale i Veterinærinstituttet har dei gjort interessante funn, og dei er i ferd med å publisere to vitskaplege artiklar. Hovudkonklusjonen at vegetabilsk protein ikkje eignar seg like godt til fiskefôr som fiskemjøl, men det er også gjort positive funn.

Ein konsesjon på oppdrett kostar i dag kring 100 millionar kroner. Dette er pengar Nordfjord Forsøksstasjon slepp å legge ut. Ulempa er at forskingskonsesjonen er tidsavgrensa, og ein må kunne vise til gode prosjekt for å få fornying. Dei har no konsesjon til 2020.

Artikkeltags