Brann i høgspentkabel i Svelgen

Elkem Bremanger.

Elkem Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Brann og ambulanse er på staden. Ikkje meldt om personskade.

DEL

Klokka 1840 fekk politiet melding om brann i ein høgspentkabel ved eit reinseanlegg på Elkem i Bremanger. Dette melder Firda.

Brann og ambulanse er på staden og politiet er på veg. Det er ikkje meldt om personskadar.

Brannvesenet har starta røykdykkarinnsats.

– Brannvesenet skal ha bra kontroll. Det er ingen synlege flammar no, men det er ein del røykutvikling. Det er alltids fare for spreiing, men trur ikkje den skal vere stor inne på sjølve området. Vi har åtte mann som deltek, opplyser Frode Eide på Alarmsentralen.

– Det er varmgang i kabelgrøft. Det blir skumlagt og ventilert på staden. Ukjent skadeomfang, melder Vest politidistrikt klokka 19.17.

Klokka 19.35 melder politiet at det er oppdaga opne flammar i kabelgrøfta og at brannvesenet held på med sløkkingsarbeid.

Klokka 19.38 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

Artikkeltags