Folkemøte om Kystvegen

Kjøttvekta i Bremanger: Fordeling av folketal i Bremanger mellom ytre, midtre og indre del av kommunen.Tal frå SSB. Arkiv

Kjøttvekta i Bremanger: Fordeling av folketal i Bremanger mellom ytre, midtre og indre del av kommunen.Tal frå SSB. Arkiv

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag kveld var det informasjonsmøte om kystvegtrasé over Nordfjord.

DEL

Arrangør av møtet er Ålfoten Grendalag og Davik Utviklingslag.

Råmann Tom Joensen skal informere om saksgangen i eigen kommune. Ein ventar no på ei tilråding frå Statens vegvesen, som er varsla medio februar. Når den ligg føre skal styret i Kystvegen Måløy-Florø komme med si tilråding og så skal trasévalet handsamast politisk i alle dei involverte kommunane for om mogleg å komme fram til ei felles løysing.

Orientering frå Sandal

Styreleiar Reidar Sandal i det lokale kystvegselskapet avventar ei avgjersle for å kunne starte på jobben med å jobbe opp mot både administrativt og politisk nivå både regionalt og nasjonalt.

Sandal skal på møtet gjere greie for dei ulike alternativa og på møtet vil det vere høve å komme med innspel og stille spørsmål. Grendelaget oppfordrar folket i lokalsamfunna om å komme til møtet på Davik oppvekst og engasjere seg i framtidas samferdsleløysingar.

Mandatet til Kystvegen Måløy-Florø er å bygge ein ny bu- og arbeidsmarkandsregion på kysten. Kort og rask veg mellom tettstadene Måløy, Svelgen og Florø er rekna for å vere viktig for å få til ein synergi i området.

Delt kommune

Men Bremanger er ein delt kommune. Innbyggarane i nordfjordbygdene Davik og Ålfoten særskilt, er i sin kvardag tett knytte til tettstaden Eid. Dei utgjer saman med Leirgulen/Rugsund-området kring 20 prosent av innbyggarane i kommunen. Innbyggarane i Davik og Ålfoten fryktar å komme i ei samferdslemessig bakevje, dersom dei mistar ferja Stårheim-Isane.

Frå kystveg-hald blir det argumentert med at ferjeavløysingsmidlane frå både ferja Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane er naudsynte for å finansiere ei fjordkryssing over Nordfjord. Særleg då med omsyn til å halde bompengedelen av prosjektet lågast mogleg.

Dersom det skal satsast på brukryssing, ønsker flesteparten av innbyggarane i nordfjorddelen av kommune brukryssing over Otteren-Bryggja. Mange argumenterer med Kystvegen Bergen-Ålesund må gå i beinast mogleg linje oppover kysten. Otteren-Bryggja er rekna til å vere 3,2 mrd. kroner dyrare enn i ytre. Ein openberr fordel med alternativet er at ein får utbetra vegen Rugsund til Davik.

Artikkeltags