Har fått opp turtalet på fiskerisoga

Boknemnda 2018- Ola Martin Grotle, Kurt Hauge, forfattar Magnus Torvanger, Anton Senneset og Jan Torvanger. Her ved sidan av ein god gammaldags semidiesel-motor i Struen.

Boknemnda 2018- Ola Martin Grotle, Kurt Hauge, forfattar Magnus Torvanger, Anton Senneset og Jan Torvanger. Her ved sidan av ein god gammaldags semidiesel-motor i Struen. Foto:

Med ein dreven forfattar som Magnus Helge Torvanger om bord, kan mange sjå fram til svært interessant lesestoff til jul i år.

DEL

Klar med bok til 100-årsjubileum for Bremanger Fiskarlag– Utan Magnus trur eg ikkje at utgjeving av boka om fiskerihistoria i Bremanger hadde blitt noko av. Han har solid erfaring og kunnskap og kjenner mykje folk kring om i bygdene, understrekar Vestfart-reiar Jan Torvanger, som er med i dagens boknemnd.

Starta på 80-talet

Arbeidet med ei fiskarlagssoge for Bremanger-bygda kom i gang alt på 1980-talet. Det var Peter Warpe i Bremanger Fiskarlag som tok initiativet. Gunnar Skjølberg var leiar for bokprosjektet og sekretær for ei boknemnd som var i arbeid i mange år. Boknemnda samla inn ein heil del materiale og gjorde bandopptak med ei rekke eldre fiskarar og fiskarkvinner. Dette materialet er sentralt i boka.

Arbeidet med boka vart reorganisert etter at Gunnar Skjølberg døydde i 2014. Jan Torvanger, Anton Senneset og Ola Martin Grotle heldt fram som boknemnd. Magnus Helge Torvanger vart engasjert som forfattar og Selja Forlag som utgjevar. Ein vart samde om å lage ei fiskerisoge som skulle dekke heile fiskerinæringa i heile kommunen. Dermed vart boknemnda utvida med Geir Magne Røys og Egil Totland frå Kalvåg, Einar Ødegård frå Berle og Kurt Arne Hauge frå Bremanger. I tillegg er forfattaren og Torkjell Djupedal i Selja Forlag med i boknemnda. Mange nye fiskarar og fiskarkvinner m.fl. blir intervjua i arbeidet med boka.

Sogenemnda 2018- Ola Martin Grotle, Anton Senneset, forfattar Magnus Torvanger, Kurt Hauge med kaffien og Jan Torvanger. Her i naustet til Selma Svarstad har Kurt bygd opp ei privat lite museum.

Sogenemnda 2018- Ola Martin Grotle, Anton Senneset, forfattar Magnus Torvanger, Kurt Hauge med kaffien og Jan Torvanger. Her i naustet til Selma Svarstad har Kurt bygd opp ei privat lite museum. Foto:

100 år i desember

Bremanger Fiskarlag er 100 år den 8. desember 2018. Fiskerisoga for Bremanger kommune kjem ut til jubiléet. Boka vil vere klar midt i november og skal lanserast både i Bremanger, Kalvåg og Rugsund.

– Fiskarane var ein samansveisa gjeng på sjøen og fiskerimiljøet har alltid vore godt på tvers av kommunegrenser. Stridigheitene mellom bygder gjekk føre seg på land - med kamp om vegar og bruer og slikt, understrekar fiskarveteran Ola Martin Grotle.

Sogenemnda har eit heilt hav av stolt og innhaldsrik historie å ause av. Protokollane frå drifta av laget er intakte heilt tilbake til skipinga i 1918, fleire år før Norges Fiskarlag vart starta opp i 1926.

Klart størst i fylket

– Bremanger Fiskarlag var det klart største fiskarlaget i fylket fram til kring år 2000. I 1964 var det heile ti fiskarlag i Bremanger kommune, medan vi no har berre eit. Berre i Ryland Fiskarlag var det opp mot 50 medlemmer på det meste. Vi fann tidleg ut at fiskerihistoria for Bremanger må femne om flåte og fiskarar frå alle bygdene i kommunen, understrekar Magnus Helge Torvanger.

Jan Torvanger freistar å sjå dei lange linjene i historia og kvifor Bremanger i dag ikkje lenger er mellom dei største fiskerikommunane:

– Fiskerinæringa i Bremanger greidde ikkje å fornye seg på 1950 og tidleg 60-tal. Fisket vart drive landbasert, gammaldags og tungvint og ingen investerte i moderne fartøy då. Det kom først seinare. Vi fekk eit oppsving med ein stor banklineflåte på 1980-talet, men då nedgangstidene kom på 1990-talet var det lite kapital å hente her heime. Eigarinteressene i industrien i Måløy og andre stader tok over.  

Fiskarsoga

  • Det blir ei stor og innhaldsrik bok på rundt 250 sider, rikt illustrert med gamle og nyare foto. Boka vil dekke heile dagens Bremanger kommune, medrekna dei delane av tidlegare Davik herad som i 1964 vart ein del av Bremanger.
  • Fiskerisoga dekkar tidsperioden frå rundt 1910 - då motoriseringa av fiskeflåten kom i gang for alvor - og fram til 2018. Hovudtyngda ligg på åra frå 1945 til 2018. Dei viktige fiskeria og alle motoriserte og dekka fiskefartøy er omtala. I slutten av boka kjem eit alfabetisk oversyn over dei mange hundre båtane som er med, slik at båtar vil vere enkle å finne.
  • Boka vil også handle om fiskerinæringa på land i Bremanger. Det gjeld fiskemottak, sildesalteri, trandamperi, hermetikkfabrikkar og nyare store fiskeindustrianlegg som Bremanger Fryseri og Bremanger Fiskeindustri/Pelagia i Kalvåg. Også båtbyggeri og båtverkstader, tønnefabrikkar m.v. er med. Det er også fiskeoppdrettarane.
  • Innleiingsvis ønsker dei å fortelje om Bremanger sin posisjon i norsk fiskerinæring. Boka får eit eige kapittel om dei mange lokala fiskarlaga og fiskarkvinnelaget i Bremanger og om personar frå kommunen som har hatt sentrale stillingar i fiskeriorganisasjonane.
  • Fiskerisoga blir utgitt i eit samarbeid mellom Bremanger Fiskarlag og Selja Forlag. Mange vil bidra til boka med foto frå bildesamlingar som dei har.

Forfattaren vil gjerne ha kontakt med folk som har gode bilde:

– Eg og boknemnda er stadig interesserte i foto med tilknyting til fiskerinæringa i Bremanger - både gamle og nyare bilde.

DET STORE KASTET: Her er notagavlen "Johan Sverdrup" lasta til ripa med ca. 100 hl bladsild eller forfangstsild. Lengst bak sit Arthur Abelsen. Ståande om bord i gavlen, frå venstre: Lorens Frøyen, Leif Opheim, Arne O. Frøyen, Johan Langeland, Arnfinn Frøyen, Johannes Opheim, Sigvald Frøyen, Kristoffer Steinset. Skal vere frå 1941.

DET STORE KASTET: Her er notagavlen "Johan Sverdrup" lasta til ripa med ca. 100 hl bladsild eller forfangstsild. Lengst bak sit Arthur Abelsen. Ståande om bord i gavlen, frå venstre: Lorens Frøyen, Leif Opheim, Arne O. Frøyen, Johan Langeland, Arnfinn Frøyen, Johannes Opheim, Sigvald Frøyen, Kristoffer Steinset. Skal vere frå 1941. Foto:

Artikkeltags