Vil klage saka inn for departementet

Blåhella (stjerne) på Hauge i Bremanger. Til venstre sentrum på Hauge med butikkar og offentlege institusjonar.

Blåhella (stjerne) på Hauge i Bremanger. Til venstre sentrum på Hauge med butikkar og offentlege institusjonar. Foto:

– Vi har ei blå-blå regjering for tida og eg ønsker å få løfta denne saka opp til landbruksminister Bård Hoksrud (Frp).

DEL

Den fråseparerte ektemannen Tor Grøthe har god tru på at han og Marianne Byman Grøthe kan vinne fram i denne saka. Han meiner at det bildet som blir teikna av fakta i saka no, ikkje stemmer med korleis saka var då han og kona Marianne Byman Grøthe kjøpte garden Blåhella i i 2015.

Siste nytt om bupliktsaka :

Blir pålagt fem års samanhengande buplikt 

– Vi må sjå på tidslinja her. Bremanger kommune hadde ikkje nokon klart uttalt strategi på korleis dei skulle handtere bupliktsakene den gongen og historikken viser at mange fekk fritak for buplikta. Det er først no i ettertid at kommunen har bestemt seg for å behandle eigedommar som ligg nær butikkar og kommunale servicetilbod annleis enn dei som ligg meir avsides, påpeikar han.

Tor Grøthe.

Tor Grøthe. Foto:

Han var også i eit tidlegare intervju open på at separasjonen og folkeregistreringa blei gjort kun for å stette dei formelle krava i konsesjonslova.

Grøthe viser vidare til at dei som kjøparar ikkje fekk presentert verditaksten frå 2012. Dei kjøpte eigedommen utan å krevje takst.

– Men seljar må ha kjent til den?

– Ja det vil eg tru. Men vi gjorde handelen utan å krevje framlegging av takst.

Grøthe viser også til ei frådelingssak på garden i 2014. I sakspapira opererer kommunen med eit totalareal på gardsbruket på 87 mål. Utmarksarealert som utløyser buplikt er ikkje nemnt.

– Vi skal oppfylle buplikta i denne saka uansett . Det har vi bestemt oss for. Dessutan har vi to moglegheiter til, ei klagehandsaming i Landbruksdepartementet og Sivilombodsmannen.

– Men kan de ikkje berre selje og skøyte utmarka over på nokon andre?

– Eg veit ikkje om det går no i ettertid. Dessutan er det slik at utmarksressursen og retten til jakt er det som gjer eigedommen interessant å eige. 

Grøthe ønsker ikkje å kommentere konflikten med hyttenaboane.

– Vi godtok eit forlik om vegretten og det er greitt for oss, men dei var ikkje nøgde. Vi ønsker ikkje å kommuniserer med dei gjennom media.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags