Fylkesmannen avslo klage på buplikt

Eigedommen Blåhella i Bremanger er ein liten landbrukseigedom, som har så stort utmarksareal at den utløyser buplikt for kjøpar Marianne Byman Grøthe.

Eigedommen Blåhella i Bremanger er ein liten landbrukseigedom, som har så stort utmarksareal at den utløyser buplikt for kjøpar Marianne Byman Grøthe. Foto:

Fylkesmannen slår fast at Marianne Byman Grøthe får fem års samanhengande buplikt på småbruket i Bremanger.

DEL

Tidspunktet buplikta skal gjelde frå, er når vedkommande har teke eigedommen som sin reelle bustad. Gjennom fleire likelydande politiske vedtak har kommunen slått fast at det er buplikt på eigedommen, som vart kjøpt i 2015. Byman Grøthe klaga buplikta på garden Blåhella inn til Fylkesmannen, som har vurdert saka der ho meiner å ha blitt behandla annleis enn i andre liknande saker i Bremanger.

– Det er ingen ting som tyder på at du er blitt utsett for ugrunna forskjellsbehandling og kommunen har heller ikkje trekt inn usaklege eller utanforliggande omsyn i si vurdering av saka, skriv seniorrådgjevar og jurist Terje Øvrebø hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen har mynde til å fastsette ei tvangsmulkt fram til forholdet er ordna opp i.

Sjå tilsvaret frå Tor Grøthe:

Formelle feil

Dette er ei sak der det er gjort formelle feil og krumpspring, både frå advokatfirmaet som stod for salet, av kjøparane Tor og Marianne B. Grøthe og dei som selde eigedommen. Det ligg føre ein verdi- og lånetakst på eigedommen frå Ing. Hermund Skår frå 2012, der det går klart fram at kjøpar må rekne med at det er konsesjonsplikt på eigedommen. Seljar må ha hatt kjennskap til denne. Kjøp av ein eigedom til milionbeløp utan å sjekke takstpapira er høgst uvanleg.

– Når det gjeld påstanden om at kommunen har gitt feilaktige opplysningar til seljar sin advokat, peikar vi på at det er seljar sitt ansvar å vite kva han sel og at ein advokat ved eigedomsoverdragingar er forventa å ha kjennskap til konsesjonslova sine reglar, påpeikar Øvrebø.

Han viser også til at Byman Grøthe hadde adresse Hemsedal to år etter at konsesjonsvedtaket blei fatta. Etter kvart tok ekteparet Grøthe ut separasjon og Marianne Byman Grøthe er folkeregistrert som buande på garden. Med desse formalitetane på plass fråskriv kommunen seg vidare ansvar for å sjekke om separasjonen er proforma.

Rettssak og forbanna naboar

Men det har gått ei kule varmt i nabolaget, etter at Grøthe og hyttenaboane enda opp i jordskifteretten om vegretten til fritidsbustadene som er frådelte på eigedommen tidlegare.

Nabo Erling Greftegreff forklarer:

– Bakgrunnen for konflikten mellom oss og ekteparet Grøthe, er vegen som går ned til hyttene våre. Vi bygde denne etter å ha kjøpt grunnen av tidlegare grunneigar. Dette blei ein kostnad på 300 000 kroner. Men vår tabbe var at vi ikkje dobbeltsjekka at grunnen blei tinglyst på oss. Då Grøthe kjøpte garden av dei førre eigarane og seinare påberopte seg å ikkje vite om at vegen var kjøpt og betalt av oss, så var vi juridisk sett sjakk matt.

forsvarar Gunnar Lunde
Foto: Hilde Genberg

forsvarar Gunnar Lunde Foto: Hilde Genberg Foto:

Advokat Gunnar Lunde var naboane sin mann i jordskifte-rettssaka, som enda med eit forlik om vegretten.

Stiller som buskvakter

Advokat Gunnar Lunde meiner at dersom folk skal respektere det lokale sjølvstyret, så må kommunen gjere noko aktivt for å følge opp saka.

– Den lokale forvaltninga er avhengig av tillit hos folk på alle område. Denne saka kan samanliknast med at kommunen berre skulle akseptere at det blir bygd noko utan byggeløyve, påpeikar Lunde.

Hyttenaboane stiller gjerne som buskvakter:

– Vi har lagt fram loggar, som viser at eigaren ikkje bur fast på Blåhella. Dette er aktivitet eller mangel på dette, som vi fritt kan observere frå våre hytter. Det er kring 30 mil mellom Hemsedal og Bremanger. Ein kan prøve å pendle denne biten, og sjå kor praktisk det er. Alle forstår at ho ikkje bur der fast, men ingen gidd å gjere noko med det. Skal buplikt som verktøy for å oppretthalde busetnad ha noko hensikt, så må ein i det minste vurdere dokumentasjonen når den blir dumpar rett ned i fanget, slik det har gjort i Bremanger kommune nå. Vi har dokumentert at Marianne Grøthe ikkje bur på Blåhella, og vi har dokumentert at ho og ektemannen aldri har vore reellt separert.

Sit på gjerdet

Sakshandsamar hos Bremanger kommune, Sigmund Larsen, meiner at dei har gjort dei som er i deira makt i saka. Saka er avgjort administrativt og politisk og kommunen har ikkje kapasitet til å drive med granskingar av om separasjonen mellom ektefellane er reell og om eigedommen er busett etter krava i konsesjonen.

Landbruksådgjevar Sigmund Larsen.

Landbruksådgjevar Sigmund Larsen. Foto:

– Bremanger kommune har gjennom vedtaket til Fylkesmannen fått stadfesta at vedtaket om buplikt er lovleg og rett. Politikarane har brukt dei midlane dei har til rådvelde for å få ei positiv utvikling av busettinga i kommunen. Dersom søkjarane ikkje respekterer dette, er det respektlaust mot lokalsamfunnet og lokaldemokratiet. Stort sett blir avgjerslene i desse sakene respektert, men rundt oss i regionen ser vi av og til saker der lokale myndigheiter ikkje blir respektert.

Men nabo Erling Greftegreff meiner dette er for svakt:

– I realiteten vil nokre heilt enkle grep avklare om buplikta er reell eller ikkje. Eg er politietterforskar av yrke og jobbar med økonomiske straffesaker. Ingen bedragerisaker ville nokosinne blitt avslørt ved å bruke berre Folkeregisteret for å finne svaret.

Kart over eigedommen i Bremanger. Det er utmarka som gjer at arealet blir så stort at det utøyser buplikt.

Kart over eigedommen i Bremanger. Det er utmarka som gjer at arealet blir så stort at det utøyser buplikt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags