Stiller ut internasjonal kunstnar

Reidun Øvrebotten gler seg over å presentere arbeid av Nico Wiederberg.

Reidun Øvrebotten gler seg over å presentere arbeid av Nico Wiederberg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg har lenge ønskt å få presentere Nico Wiederberg sin kunst. Han evnar verkeleg å gje liv til daudt materiale.

DEL

Kulturhuset Heimen: Det seier Reidun Øvrebotten, som driv Kulturhuset Heimen, der du finn galleri Dorthea. 

– Eg hadde eit godt samarbeid med Wiederberg under utsmykkinga av Rådhusplassen i Elverum. Som leiar for oppdragsgjevaren, Elverum sparebanks kunstfond, fekk vi levert eit svært vellykka resultat i samarbeidet med Widerberg. Eg har også hatt gleda av å sjå mykje av hans kunst på nært hald, som på Farris Bad i Larvik. Vakkert!

Ho håpar at mange tek vegen til opninga av utstillinga i Galleri Dorthea og Kulturhuset Heimen søndag 24. juni. Utstillinga vil stå til 12. august og er open kvar laurdag og søndag frå klokka tolv til fire, eller etter avtale.

– Vi har også i sommar ope i dei faste kystkultur-utstillingane, fortel ho. 

Widerberg har hatt over 80 separatutstillingar, delteke på kring 70 kollektive utstillingar og hatt over 60 utsmykkingsoppdrag.

Blant dei mest profilerte utsmykkingane er monumenta av Thor Heyerdahl og Trygve Lie, utsmykkinga av Regjeringsbygget og Gardermoen hovudflyplass. Han er også kjent for å ha utført minnemonumenta i 53 kommunar som mista nokon i samband med 22.juli tragedia. Ved sidan av å være bilethoggar arbeidet han heile tida med grafikk og maleri.

Artikkeltags