- Fantastisk oppleving i lyd og lys

Bent Hansen, Hallgrim Brattberg, Kari Bremnes, Børre Flyen og Petter Unstad.

Bent Hansen, Hallgrim Brattberg, Kari Bremnes, Børre Flyen og Petter Unstad. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Opplevinga av Kari Bremnes og bandet blei ei fantastisk oppleving i lyd og lys.

DEL

Det seier Roger Igland hos arrangøren Opplev Bremanger. Han takkar alle dei frivillige som har stått på og alle dei som kjøpte billettar til arrangementa i helga. Totalt sett var billettsalet godt, men det var god plass til fleire under Bremnes-konserten. Det var stort sett bygdas eigne som fekk med seg denne. Publikumstalet låg på kring 350, men hallen har ein kapasitet på 1000.   Litt underleg at så få frå nabosamfunna tok turen for å høyre ein konsert av ein artist som turnerer både nasjonalt og internasjonalt. 

- Det skal tydelegvis mykje til for å få folk til å ta turen ut her. Men Kari Bremnes og musikarane hennar skapte ei ugløymeleg konsertoppleving, seier Igland.

Og Kari Bremnes set pris på å få spele heilt ute i havgapet.

Kari Bremnes med band.

Kari Bremnes med band. Foto:

-  Bremanger. Først med Widerøe via Sandane til Florø. Så over eit havstykke med båten Frimann-  hadde vi reist lenger ut i Nordsjøen ville vi hamna på Shetland. Men vi gikk i land der Roger og Robin og Anita og dei andre venta for å køyre oss til Havly pensjonat og Bremangerhallen. Det er berrre eldsjeler som gjer det mogleg å spele sånne stader, dei som tar imot med opne blikk og opne armer og aldri sparer seg. Kva eldsjelene betyr for musikkopplevingar i dette landet! Vi som reiser rundt veit veldig godt kva dei er verdt, melder ho tilbake til Igland og dei andre arrangørane.

Det er berrre eldsjeler som gjer det mogleg å spele sånne stader, dei som tar imot med opne blikk og opne armer og aldri sparer seg.

Kari Bremnes

På konserten var den ferierande Harstad-busette bremangaren Kaare Torvanger, som har vore på konsert med Kari Bremnes ei rekkje gonger. Han er frilans kulturmeldar i Harstad Tidende og slår fast at han ville gitt ho eit generøst terningkast om han var på jobb denne dagen.

- Det var ein flott konsert. Det tok skikkeleg av i nokre av låtane, men det er kanskje den totale opplevinga som er det beste med gode musikarar, suveren lyd og spanande lysdesign, meiner han.

Underteikna har også høyrt Kari Bremnes live ei rekke gonger. Bandet var som vanleg eminent med Bent Hansen på tangentar, Hallgrim Brattberg på gitar, bassist Petter Unstad og Børre Flyen på trommer og perkusjon. Har nok høyrt Kari Bremanes og band meir vitale og friskare enn dette, men det var eit trestjernes musikalsk måltid sobert servert på beste Maemo-vis. Synd ikkje fleire kom til bords.

    Kari Bremnes med band på Rockweekend. Her med låten "Spor".

    Artikkeltags