Helena Tjelle Leinebø er dotter til professor Odd Magne Bakke, ein framifrå fotballspelar i ungdommen og son til Bremanger-gründer Peder Bakke. Ho lagar eigen musikk i grenselandet mellom viser, pop, jazz og soul. Ho skal varme opp for Sternekamp-vinnaren Adam Douglas på fredag 13. juli.

Laurdagen vil veggane på gode gamle Havly truleg både skjelve og slå kryl på seg når supergitaristen frå Florø, Terje Kjørlaug,  drar i gang tunge og fiffige riff med Hayseed og ungfolane frå Dorset i England, Rufus Black, drar i gang sin funky bluesrock. Som i Hayseed, er gitaristen i bandet ein sentral del av kapitalen. Scott McKeon har mellom anna spelt med Joe Bonamassa og Van Morrison!

 

- No har vi fått sett saman eit kjempeprogram for festivalen neste sommar og har lagt ut billettar for sal allereie. No køyrer vi ein julekampanje med nedsette prisar på festivalpass.

- Med desse bookingane så begynner budsjettet for festivalen å bli ganske stort?

- Ja, vi kjenner litt på det og håpar at folk set av tid til ei kjempemessig kulturhelg i sommar.

Eit festivalpass til Rockweekend må vere den ultimate julepresangen til den som har "alt" !

Roger Igland

 

Store-Odden toppar årets kransekake under Rockweekend på søndagskonserten i storhallen på Hauge. Odd Nordstoga har spelt i Bremanger fleire gonger og allereie i den tida han var student i Bergen. Då med bandet Something Odd. Seinare har Odd Nordstoga utvikla seg til å bli ein stor musikar og låtskrivar og teke posisjon som vår store "nasjonalskald".

Roger Igland i Musikk Kafé  har med seg Mary Jane Varpe, Hilde Hauge og Nina Grotle som arrangørar. Denne sommaren er Norvall Klungresæter innfridd eit friår frå arrangementet. I tillegg er det mange andre dugnadshjelparar som stør til med å lage kulturelle fulltreffarar. Den aller mest kjende er vel den magiske strandkonserten i Vetvika med Tupelo.

I tillegg til artistane i det offisielle programmet blir festivalen krydra med jam,. strandkonsertar og truleg også i år - ein minifestival i festivalen, "Tunarock". I løa på garden til Igland har ein vennegjeng av Bremanger-musikarar spelt konsert fleire år på rad. For mange er dette rosinen i pølsa, men det er ikkje del av den offisielle festivalen. Men det demonstrerer kreativiteten og styrken i musikarmiljøet i Bremanger.