Han slo den første akkorden på Havly i 1982. No er han tilbake for å varme opp Rockweekend

Aller første arrangement i Bremanger Rockklubb på Havly Pensjonat i Iglandsvik var med Atle Skaar og hans Captain Hennessy frå Bergen.

Aller første arrangement i Bremanger Rockklubb på Havly Pensjonat i Iglandsvik var med Atle Skaar og hans Captain Hennessy frå Bergen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Veteranmusikaren Atle Skaar frå Bergen står for oppvarmingskvelden til Rockweekend på Havly torsdagen.,

DEL

Atle Skaar er å rekne som ein av veteranane i Bergens musikkmiljø , med fartstid på snart 40 år som gitarist og vokalist. På opningskvelden for den nystarta Bremanger Rockeklubb i 1982, spelte han sørstatsrock a la Lynyrd Skynyrd så fjorden blåna.

– Vanlegvis har vi jam første kvelden under Rockweekend, men så vart vi klar over at Atle Skaar farta rundt med sitt einmannsshow. Det blir ei super oppvarming til årets festival, der også vi lokale musikarar kan slappe av og ladde opp til festivalhelga, fortel Roger Igland. 

Trafikkulykke

Atle Skaar kollapsa på scena under ein konsert med bandet sitt, Captain Hennessy, i Førde i 1993. Årsaka var seinskader etter ei bilulykke. Sidan har han vore smertepasient og på grensa til å bli uføretrygda.

– Det går ikkje an å gi opp og grave seg ned. Min måte å takle det på er å drive med noko eg likar å drive på med. Eg har lyst å spele og formidle den musikken som eg elskar. Etter ulykka har eg måtta sitte når eg spelar. Dessutan så går det ikkje an å leve av musikken gjennom eit band i Bergen lenger. Ein må jobbe åleine, viss det skal bli eit levebrød av det. Eg har spesialredigert eit komp på låtane og så kan eg gjere vokal og gitaristarbeidet mitt ut frå det, forklarer han.

– Vi som var tilstades den sommarkvelden på Havly i 1982 hugsar at de opna med ein låt av Rockin Jimmy- "Stand Back"?

– Ja, det er ein kjempelåt som vi spelte mykje. Eg har forresten sett at gamle Rockin Jimmy (Jimmie Byfield) fortsatt reiser rundt og spelar konsertar. Det er imponerande. 

– Så der har du eit skikkeleg forbilde?

– Ja, definitivt. Det er ikkje eit val for meg å bli heilt uføretrygda. Då er det betre å stå på. Den sosiale biten med å spele gjer livet større og rikare. 

Nytt band på gang

Han har ikkje hatt noko fast band sidan 2006, men no er det eit band på gang med mellom andre Gunnar Bjelland og Morten Færestrand. Musikken ligg i country-rockland, gjerne med ein keltisk og irsk vri på det.

– Dette er populær musikk i Irland og Storbrittannia og håpet er å kunne gjere festivaljobbar der til neste sommar, fortel musikaren, som gler seg til å komme tilbake til Bremanger og musikkmiljøet der enno ein gong.  

Captain Hennessy- frå Bergen med Atle Skaar- nr. to frå venstre.

Captain Hennessy- frå Bergen med Atle Skaar- nr. to frå venstre. Foto:

Atle Skaar er ein allsidig herremann og han byr også gjerne på drivande reggae, som folk elsker å synge med på. Så sklir han vidare med dampende knallmusikk alt frå Maveriks, Don Henley, Kid Rock, Steve Earle, Green Day og til Bruce Springsteen.

Utanom familien min så er musikken og formidlinga av den sjølve livet.

Atle Skaar

Arrangørane er også i ferd med trutne færingane til neste helg for å arrangere ein ro-konkurranse mellom bygdelaga i festivalhelga.

– Det blir også kanopadling for ungar og familiekonsert på Iglandssanden med lokale krefter. Dette skal bli ei knallbra festivalhelg, seier Igland.

Festivalen varer frå 12. til 15. juli.

Heimesida til Rockweekend.

Gjer klar for å trutne færingen til neste helg.

Gjer klar for å trutne færingen til neste helg. Foto:

Artikkeltags