Skal blues-kåsere frå USA-tur

Silo- på USA turné . Frå venster Iver Senneset, Galek Bartek, Oliver Igland og Halvor Nesbakk.

Silo- på USA turné . Frå venster Iver Senneset, Galek Bartek, Oliver Igland og Halvor Nesbakk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bluesbandet SILO er tilbake frå USA-tur. Laurdag blir det kåseri og feiring på Musikk-Kafé på Havly.

DEL

Det blir gjensyn med gutane førstkommande laurdag på den etter kvart legendariske klubbscena på Havly pensjonat og kafe i Bremanger. Her har det vore konsertar og ein musikalsk samlingsstad kontinuerleg sidan 1980-talet.

– Vi vil gjere litt stas på våre nyleg heimkomne amerikafararar i SILO, som nettopp har delteke på International Blues Challenge i Memphis, der dei representerte Norge som eit av to norske band. Det blir mest sannsynleg kakekos, ymse musikalske innslag og quiz. I tillegg vil gutane i SILO presenterer historier/bilde frå turen dei hadde «over there», fortel arrangørduo Norvall Klungresæter og Roger Igland.

Iver Senneset blir kåsør saman med Halvor Nesbakk. Både Galek Bartek og Oliver Igland er laurdag allereie av garde til andre speleoppdrag. Oliver skal spele releasekonsert i Oslo med ei musikalsk venninne- som skal presentere sitt soloalbum.

SILO konkurrerte mot 250 andre band med mange dedikerte bluesdyrkarar med grå hestehale og gjennomsnittsalder 50+. Kom og høyr ungdommane si oppleving av «juneiten».

Artikkeltags