Gå til sidens hovedinnhold

Tilrår å dele ut halv million i kulturmidlar

Artikkelen er over 2 år gammel

Abbeldagane i Davik, Rockweekend i Bremanger og Kystfestivalen i Kalvåg er dei største kultursatsingane i år.

Bremanger

Formannskapet i Bremanger skal torsdag 26. april handsame tilrådinga til rådmannen i Bremanger om tildeling av kulturmidlar. Midlane blir henta frå kommunens næringsfond og har såleis ikkje noko direkte med driftsbudsjettet å gjere.

Totalt er det kome inn 32 søknader, og rådmannen tilrår å løyve 483.000 kroner til dei kulturelle aktivitetane. Festival-arrangementa er tilrådd mest støtte, med 50.000 totalt til Kystfestivalen og 40.000 kvar til Rockweekend og Abbeldagane.

Høgt prioritert er også nyskapingen Hornelen Brass, som er tilrådd 40.000 til eit konsertprosjekt.

Elles er det to lokalhistoriske prosjekt i støypeskeia, Per Olav Frøyen si bok om industrihistoria i Svelgen og den store jobben med fiskarsoga i Bremanger, der forfattar Magnus Helge Torvanger er engasjert i arbeidet. Desse er begge tilrådd med 50.000 kroner kvar.

Sjå heile søkjarlista her.

Kommentarer til denne saken