Kok i kulturlivet i helga

Gunn Vottestad

Gunn Vottestad Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Aktiviteten i kulturlivet i Bremanger går på høggir, med kunstutstilling og stor øvingshelg i "Der båra bryt"-prosjektet.

DEL

Reidun Øvrebotten opnar laurdag salsutstilling med biletkunstnaren Gunn Vottestad i Kulturhuset Heimen.

- Kunstnaren Gunn Vottestad hadde diverre ikkje høve å komme til opninga, men ordførar Audun Åge Røys prioriterte oss mellom andre oppgåver i helga. Så han kjem for å kaste glans og det set vi stor pris på. I tillegg kjem Fridtjov Urdal med den nye boka si og han kjem til å lese utdrag frå boka, fortel Reidun Øvrebotten.

Utstillinga er samansett av seriegrafi og litografi med motiv som skulle vere midt i blinken for Bremanger-publikum. Det er opne kystlandskap med typiske bygningar som høyrer heime ved havet og i kystbygdene.

Gunn Vottestad 

- Utstillinga skal stå ut desember, så folk har god tid om dei ønskjer å investere i ei vakker julegåve, seier Øvrebotten, som også er involvert i "Der båra bryt"-prosjektet. Det er samling med alle involverte partar i heile helga.

Artikkeltags