Før landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga, var den største kampsaka til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å få til ei utjamning av nettleiga nasjonalt. Trass i at Sogn og Fjordane er ein av dei aller største produsentane av energi, betalar straumkundar i fylket landets dyraste straum. Det er skilnader i nettleige som har forårsaka at straumkundane her har fått dobbelt så høg straumrekning.

I eit fylke med høg kraftproduksjon er det naturlegvis også mange kraftlinjer. Mange har forarga seg over at straumkundane i Sogn og Fjordane og dei andre kraftproduserande fylka må betale  prisen for at straumen skal fraktast til andre stader i landet. Skilnaden på nettleige i Norge i dag gjer at straumkundar i Sogn og Fjordane betalar over 70 øre per kilowatt time, medan ein til dømes i hovudstaden slepp unna med 20 øre mindre.

Landsmøtet vedtok samstundes at det skal vere ein likeverdig nettariff for store forbrukarar med høg brukstid, uavhengig om elektrisiteten vert teken ut frå regional- eller sentralnettet.

– Eit klart forhandlingsmandat

Åshild Kjelsnes, som har vore med i redaksjonsnemnda, er svært glad for vedtaket som er gjort.

– Det er ein viktig siger for å få lik nettleige for alle. Vi er eit fylke med stor produksjon av fornybar energi, samstundes som det bur få folk her, og difor har nettleiga vore særleg høg hos oss. Med færre å fordele kostnadane på er det på sin plass med ei utjamningsordning. Det er jo trass alt slik at ein brev kostar like mykje å poste i Alta som i Oslo, og det same prinsippet burde gjelde for straumproduksjon.

Det var ein samla redaksjon om stilte seg bak forslaget, og det blei vedtatt på landsmøtet med klart fleirtal og utan motsegner.

– Det er eit stort steg i rett retning i arbeidet med utjamning. Å ha så klare formuleringar i programmet gir eit stortingsgruppa ei klar beskjed om kva dei skal jobbe for og eit sterkt forhandlingsmandat, seier Kjelsnes.

Dette er nettleige

  • Nettleige er prisen du betalar for å få overført straum til huset ditt.
  • Når du betalar for straum må du betale for to produkt: Ein kraftpris for straumen du kjøper av kraftleverandøren du har valt. I tillegg nettleige til det lokale nettselskapet for transport av straumen.
  • Nettleiga skal gje nettselskapet inntekt nok til å dekke transport av straum, gitt effektivt drift, unytting og utvikling av nettet.
  • Kjelde NVE

 

I vedtaket frå landsmøtet står det skrive at «Ap vil innføre ein utjamningsordning for nettleige, og sørge for ein likeverdig nettariff for store forbrukarar (industrien) med høg brukstid uavhengig av om elektrisiteten blir henta frå regional- eller sentralnett. Fornybar energi skal vere ein betydeleg del av bidraget til eit grønt skifte.»

- Formuleringa møter behovet til den vanlege forbrukaren samstundes som den tek vare på storbrukarane. Dette er viktig for å ta vare på interessene til de store brukarane av straum, i Sogn og Fjordane er dette til dømes Elkem Bremanger og aluminiumsindustrien.

 

Påverknad for industrien

– Dette er viktig for dei store forbrukarane, mellom anna er det ei slik utfordring knytt til Elkem Bremanger som vil bli løyst om dette forslaget vert sett ut i live. Det er også viktig for nettselskapa slik at dei kan forma ut dei beste nettløysingane for drift av nettet utan at løysingane skal gje store økonomiske konsekvensar for sluttbrukarane, heiter det i pressemeldinga frå Sogn og Fjordane Ap.

Utfordringa til Elkem som pressemeldinga refererer til er at styresmaktene har gjennomført endringar i energisektoren. Tidlegare hadde dei ulike kraftlinene nemningane sentralnett, regionalnett og distribusjonsnett. I fjor vart dei delt inn i to kategoriar; transmisjonsnett og distribusjonsnett. Førstnemnde er dei store kraftlinene med høgspenning som fører elektrisk kraft frå region til region, medan distribusjonsnettet leverer straumen til kundane, både private og industrikundar som Elkem Bremanger. Elkem får straumen sin frå SFE si 132 kV-linje. Den har vore definert som sentralnett, og er med dei nye kategoriane definert som transmisjonsnett.

SFE søkte i januar til NVE om å få behalde si eiga 132 kV-linje. Det meiner Elkem er ein farleg veg å gå.

– Viss søknaden blir godteken, så vil vi bli tilknytt underliggande nett. Konsekvensen er at vi får ei betydeleg auke i nettleiga, utan at vi får nokon fordelar med omsyn til leveringstryggleik eller anna, påpeika administrerande direktør Werge-Olsen då.

– Om SFE sin søknad vert godtatt må vi betale for investeringar som SFE gjer i nettet. Det vert dyrare i motsetnad til når vi er kopla til transmisjonsnettet, der heile Norge delar på kostnadene. 

– Korleis stiller de dykk til Arbeidarpartiet sitt forslag om at kopling til transmisjons- eller distribusjonsnett ikkje skal ha påverknad for nettleiga til storforbrukarar, som dykk?

– Vi er glade for den støtta vi opplever at Arbeidarpartiet gir til industrien. Det er heilt klart ein moglegheit at storbrukarar av straum får ein lik tariff, men utan å kjenne detaljane veit vi ikkje om nettariffen då vert høgare enn dagens ordning. For Elkem Bremanger er det viktigaste at vi får halde på dagens ordning med tilknyting til transmisjonsnettet, seier Werge-Olsen.