Manchester-band kjem heim til Bremanger

2002: Roald Naustdal, Tommy Dowler, Steve Tansley og Runar Naustdal.

2002: Roald Naustdal, Tommy Dowler, Steve Tansley og Runar Naustdal. Foto:

– Det einaste positive eg kan komme på å seie om Manchester United, er at dei har gitt oss eit mangeårig vennskap med Roald Naustdal og andre gode bremangerar.

DEL

Det seier city-fan, musikar og frontmann i Tony Dowler Hellhounds, som kjem på ein ny lokal konsert-turne i Bremanger (21/9), Svelgen (22/9), Førde (28/9) og Måløy (29/9).

Starta i 1994

Det heile begynte i 1994, då United-fan Roald Naustdal var på kamp på Old Trafford. Den musikkinteresserte bremangaren nytta også høvet til å gå på konsertar i byen. Han speida etter band som kunne inviterast til å spele konsert på Rockweekend.

– Eg spurde sjefen på klubben der kva som var det beste bandet han kunne anbefale. Tony Dowler Band kom det kontant. Så eg tok kontakt med Tony. Ut i praten oppdaga eg at han var City-fan, så då tona eg ned kvifor eg var i byen. Eg fekk med meg ein kasett som bandet hadde spelt inn. Musikken traff meg midt i solar pleksus. Derfor arrangerte eg først ein miniturné for dei på Nordfjordeid, Svelgen og Bremanger. Neste år i 1995 stod dei på plakaten på Rockweekend for første gong, fortel Roald Naustdal.

Sommarferie

Tony Dowler har feriert i Bremanger nesten kvar sommar sidan, men hugsar veldig godt  sommaren i 1995.

– Vi vart inviterte til å bu i broren Runar sitt nye hus. Vi skjønte etter kvart at Runar ikkje hadde peiling på at vi kom. Han sa javel- OK. Det blei ein del seriøse party den sommaren. Vi gjekk godt i lag og vi har fått mange gode venner der. Både i Bremanger og seinare også fleire andre stader.

Australia

Nokre år seinare vart Roald og bror Runar Naustdal inviterte i bryllupet til bassist Dave Burns. Han gifta seg med ei australsk jente som dei alle blei kjent med i Norge. Så gjengen reiste og feira bryllup i Australia.

– Det var vielse i ein flott hage og eg heldt tale til brudeparet på våre vegner. Det var ei flott oppleving. Ein kveld seinare var vi på klubbkonsert med rockabillybandet Palladines. Dei blei også invitert og tok turen for å spele i konsert Bremanger, mimrar han.

Står til gull

Vennskapet mellom Manchester-musikarane og bremangerane er snart likeverdig med eit vaskekte gullbryllup. Runar som ikkje var det aller minste interessert i fotball eigentleg, er no erklært Manchester City-fan. 

– Tony har laga ein roleg flott låt som heiter “Pining for the fjords”, som han blei inspirert til å lage ein vakker søndagsmorgon utanfor Havly. Den gjer meg faktisk rørt, vedgår Roald Naustdal, som no er travelt oppteken med finpusse detaljane for den lokale turneen.

Tony Dowlers Hellhounds er ein gitarbaset blues-rock trio, som turnerer i heile Europa. Dei to andre er Dave Burns (bass) og Steve Tansley (trommer). Røtene er planta djupt både hos Jimmy Hendrix, Rory Gallagher og Stevie Ray Vaughn, men Tony lagar også eigne låtar. Mottoet for bandet er : Play from the heart, not by the rules'. Dette er rotekte livemusikk.  

Tony Dowlers Hellhounds

Artikkeltags