–  Innbyggjarane føler seg hjelpeslause

Ida Vågene (t.v.) og Ragnhild Winther Bremnes (t.h.) fortvilar over at Bremanger kan bli tvungne med i Kinn kommune. her saman med Tony Shyam Rajeswaran.

Ida Vågene (t.v.) og Ragnhild Winther Bremnes (t.h.) fortvilar over at Bremanger kan bli tvungne med i Kinn kommune. her saman med Tony Shyam Rajeswaran. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Tvang gjev overhodet ikkje noko godt grunnlag for ein storkommune, meiner Bremanger AUF.

DEL

– Bremanger kommune har gjort det klart at vi ønskjer å stå aleine. At dette no ser ut til å ikkje bli respektert ser vi på som ganske alvorleg. Tvang overkøyrer folkeviljen, noko vi meinar skapar mistillit til sjølve demokratiet, forklarer Ida Vågene leiar i Bremanger AUF.

Vågene har saman med resten av styret og medlamane i Bremanger AUF blitt svært opptekne av kommunesamanslåinga. Torsdag tilrådde nemleg fylkesmannenen at Bremanger kommune skulle tvingast inn i ei samanslåing med Vågsøy og Flora.

Vi er ikkje fornøgde med det vi ser er i ferd med å skje. Kommunestyret i Bremanger stemte imot å slå seg saman med Florø og Vågsøy. Innbyggjarane ønskte ikkje ei samanslåing. Bremanger kommune står støtt aleine og vi fryktar at ei storkommune fører til ein meir tungvint kvardag, seier Ragnhild Winther Bremnes som er sekretær og kasserar i Bremanger AUF.

  Innbyggjarane føler seg hjelpeslause. Dersom ein ikkje blir lytta til gjennom det som skjer i demokratiske prosessar, korleis kan ein då vere trygge på at vi blir høyrt ved seinare høve, legg Vågene til.

Bremanger AUF håpar at ei anna løysing blir funnen, ei løysing som forhåpentlegvis klarar å møte alle partar.

Tvang gjev overhodet ikkje noko godt grunnlag for ein storkommune. Samarbeidet vil nok ikkje bli like lett når tvang er grunnsteinen for ei eventuell samanslåing. Det er ikkje fordi Bremanger kommune ønskjer å vere trassige at ein har stemt i mot ei samanslåing, men fordi ein ikkje ser gode nok grunnar til for ei samanslåing. No meinar vi at fylkesmannen set demokratiet på prøve, og det er noko ein bør unngå å gjere, seier Bremnes og Vågene.

Artikkeltags