Tvangssammenslåing og norsk dobbeltmoral

STÅR PÅ SITT: Leiar for almennlegeutvalet i Bremanger, Kan Shanker.

STÅR PÅ SITT: Leiar for almennlegeutvalet i Bremanger, Kan Shanker.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Norge er eit udemokratisk land. Fylkesmannens U-sving med råd om å tvinge vår kommune, mot folkets og dei folkevalde si vilje, inn i naboane sin grenselause galskap visar tydeleg Norges sanne(r) ansikt i høve demokratiet.

DEL

MeiningarDet er fleire spekulasjonar kring denne «swingdansen» til vår fylkesmann: nokre spekulerer på om fylkesmannen med denne udemokratiske tilrådinga prøver å «tilfredsstille» nokre i Oslo for å sikre en god stilling i det nye fylket, medan andre spekulerer på om moglege politiske korrupsjonar under det anstendige namnet «lobbyverksemd». Vi, medlemmer i Allmennlegeutvalget, trur i det heile ikkje på slike spekulasjonar. Vi blei verken overraska eller skuffa. Skuffelsane kjem jo berre når ein har forventningar. Når vi på førehand var klar over at heile kommunereforma hadde ein udemokratisk filosofi som grunnmur, var det heller ingen grunn til overrasking når vi høyrde om snuoperasjonen til den ustabile fylkesmannen vår. Vi må berre lære å tole slikt  politisk skittent spel i eit udemokratisk land som Norge - for å unngå helseplager.

Men det vi ikkje kan tole er nettopp at generalsekretær i Europarådet Torbjørn Jagland reiser rundt til andre land og preiker om demokrati, og dermed gir rom for tolking om at det er demokrati i Norge! Han burde ha tatt ein tur til Kommunaldepartementet, og deretter til vårt fylke, for å vite om kva som verkeleg skjer i hans «norske hus». Vi har tenkt å lage eit par innlegg i avisene om norsk demokrati, i de landa han besøker for å preike om demokrati. Første innlegget har tittel: «Norveçli gizli demokrati».

Det er valår i år. Vi regner med og håper at alle, som er råka av fylkesmannens siste udemokratiske stunt, bruker sitt «bondevett» ved val av stemmesetel. På legekontora i Bremanger Kommune kjem vi til å lage nokre plakatar som skal vere ei form for helsebringande «rettleiar», eller eit hjelpemiddel for våre pasientar (veljarar), slik at de kan uttrykke kva de meiner om udemokratiske prosessar gjennom deira stemmesetlar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags