Ho kan bli kommunens første kvinnelege ordførar

ORDFØRARKANDIDAT 2019: Elisabeth B. Hatlenes (H) legg fram info til kommunestyret i Bremanger.

ORDFØRARKANDIDAT 2019: Elisabeth B. Hatlenes (H) legg fram info til kommunestyret i Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Høgre i Bremanger har allereie bestemt seg for å satse på Elisabeth Birkeland Hatlenes som ordførarkandidat.

DEL

Bremanger Høgre har plukka ut sine to på topp, det er Hatlenes frå Davik og Harry Gulestøl som andrekandidat frå Kalvåg.

Elisabeth B. Hatlenes arbeider til dagleg som lærar ved Davik Oppvekst og i politikken er ho no folkevald prosjektleiar for "Framtidas organisering av helse og omsorgssektoren i Bremanger kommune".

Ho er også Høgres gruppeleiar i kommunestyret og har gjennom vervet fått god oversikt over dei store sektorane for tenesteyting i kommunen.

– Vi ønsker med dette å signalisere at partiet har ei tydeleg og ambisiøs satsing fram mot valet. Bremanger Høgre har utarbeidd ein strategiplan og har ei klar målsetting om å få til ei sterk nominasjonsliste. Målet er å sikre ordførarvervet også i neste periode og vere det største partiet i kommunen, signaliserer nominasjonsnemnda som består av ordførar Audun Åge Røys, Roger Mulelid og Evy Dombestein.

Nyleg har sentrale Høgre-folk flagga sterkt at kommunereform-arbeidet skal halde fram og at dei ønsker langt færre kommunar i framtida. Elisabeth B. Hatlenes understrekar overfor Firdaposten at ho i utgangspunktet er tilhengar av kommunesamanslåingane som regjeringspartiet Høgre sentralt går i bresjen for.

– Min ståstad er framleis den same som då saka var oppe i kommunestyret. Vi bør gå i forhandlingar med våre naboar og så sjå kva det kan føre til.

Om dette standpunktet vil bidra til å sanke stemmer i valet neste år vil tida vise. Partiet har ikkje noko godt grep om dei mest folkerike delane av kommunen, Svelgen og Ytre Bremanger. Forhandlingskorta med nabokommunane kan ikkje kallast spesielt sterke no etter at Bremanger sa nei og Flora og Vågsøy er komne langt med danninga av Kinn kommune.

Andrekandidat Harry Gulestøl er til dagleg IT-sjef hos Elkem Bremanger og har vore representant i kommunestyret frå 2007 til 2015.Han har vore leiar for kontrollutvalet, nestleiar i administrasjonsutvalet og er i denne perioden medlem i kontrollutvalet. 

Artikkeltags