- Brannvesenet kunne stogga knivmannen på kort tid

Robert Endestad

Robert Endestad

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet brukte godt over ein time på å rykke ut til kniv-episoden i Kalvåg søndag. – Vi kunne vore der på eit kvarter, seier brannsjefen.

DEL

Søndag ringde folk til operasjonsentralen til politiet i Bergen, då ein rusa og krakilsk mann gjekk til åtak på folk med kniv. Operasjonsentralen valde å ikkje kalle ut det lokale brannvesenet for ta hand om mannen. Dette melder NRK.

– Vi kunne vore på plass med 20 mann på eit kvarter, understrekar brannsjef Robert Endestad, og viser til at seinast i fjor trente brannfolka i lag med politiet på slike hendingar. 

Han meiner at brannvesenet representerer ein rask og god beredskap for innbyggarane, men det må følgjast opp med statlege midlar til øvingar og utrykningar.

Politistasjonsjef Wenke Hope ved Florø politistasjon viser til at meldinga om knivbruk kom kl 06.24. Politiet var i Kalvåg kl 0726 og mannen var pågripen av bevæpna politi kl 07.36. Dei brukte båtskyss for å komme fram raskast mogleg.
 

Operasjonsleiar i Bergen vurderte det slik at såkalla plivo-aksjon ikkje var rett å bruke i denne situasjonen.  Ei vanskeleg vurdering, som truleg ville bli stilt svært kritiske spørsmål til dersom mannen hadde påført andre livstrugande skader.

Plivo

Aksjonsform ved pågåande livstrugande vald.

Nasjonal prosedyre for naudetatane sitt samvirke ved pågåande livstrugande vald (PLIVO) skildrar korleis naudetatene skal samarbeide i situasjonar med pågåande livstrugande vald. Målet med prosedyren er at alle etatane skal samarbeide på ein tryggast mogleg måte for å beskytte befolkninga og yte rask, kvalifisert og koordinert hjelp ved ein situasjon der ein eller fleire gjerningspersonar utøver livstrugande vald med våpen eller farleg gjenstand mot uskuldige personar.

Det er politiets operasjonssentral (112) som definerer ei PLIVO-hending. PLIVO-hendingar er skarpe oppdrag, det vil sei at politiet har med skytevåpen.

Mann i 30-åra gjekk amok og trakk kniv - no er han fengsla i to veker

Mann i 30-åra sikta for grov valdshandling

Tok fram kniv og rispa festdeltakar. Væpna politi rykte ut 

Artikkeltags