Carolas Buaspa, Sol og Helse har vore eit populært tilbod i Kalvåg sentrum, men eigar Carola Strandberg har no teke avgjera om å avvikle og selje lokala.

- Det er med tungt hjerte eg legg ned bedrifta mi, seier ho på heimesida på FB. Det var Fjordenes Tidende som fortalde om dette først.

Ho vil legge ned 1. desember, men kjem til å halde fram som terapeut innan helse/velvære og kosthald.

- Eg vil takke alle som har besøkt oss opp gjennom åra og vi har vore utruleg heldige som har fått møte så mange fantastiske menneske. Å legge ned var derfor ei svært vanskeleg avgjerd å ta, seier ho.

 

Buaspa-tilbodet har også vore ein attraksjon som styrkar reiselivsproduktet Kalvåg. Derfor fann vi det naturleg å spørje dagleg leiar i Knutholmen, Jan Fredrik Fosse, om dei vurderer å sikre tilbodet vidare.

- Det er synd at tilbodet vil bli lagt ned. Vi kunne ideelt sett tenkt oss å bidra til å halde på tilbodet i bygda, men har ikkje høve til å gjere det, slår Fosse fast.

Han fortel at besøkstala i Kalvåg er gode for tida og at dei har byrja å planlegge julebordsesongen med eige juleshow, slik som i fjor. Verksemda jobbar også med å utvikle reiselivsproduktet sitt - mellom anna med å vere aktiv pådrivar for ein via ferrata i Hornelen.