Fryktar Kalvøya Fiskerihamn kan bli skrinlagt

Aud Irene Gulestøl og hamnesjef Monica Sande i Bremanger Hamn og Næring.

Aud Irene Gulestøl og hamnesjef Monica Sande i Bremanger Hamn og Næring. Foto:

Hamnesjef Monica Sande i Bremanger fryktar at fiskerihamnprosjektet i Kalvåg kan bli saldert vekk når regionane overtek styringa.

DEL

Administreringa av finansiering av fiskerihamner skal overførast frå Kystverket til regionane ved nyttår.

- Fiskarlaget aksepterer ikkje at staten vil tildele pengar til fiskerihamner som frie midlar til dei nye regionane. Pengane må vere øyremerkte, understreka dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Henriette Skaar til Firdaposten. 

Ho ber om opprydding i rotet med regionerforma. Vi utfordra Kommunal- og moderniseringsdepartemenet på saka, men fekk ikkje noko svar som gir noko avklaring i saka.

Ansvarsfråskriving sentralt

– Stortinget har slutta seg til at ansvaret for statlege fiskerihamner skal overførast til fylkeskommunane frå 2020. Midlane blir tildelt som rammetilskot frå 2020. Dei økonomiske rammene for overføring vil bli omtalt i budsjettet for 2020, svarer rådgjevar Kristel K. Herland i departementet, og viser oss vidare til Samferdsledepartementet.  Der får vi til svar at det er Nærings- og fiskeridepartementet som skal svare på på spørsmål om fiskerihamner. 

Ordninga med statlege fiskerihamner som del av regionane er førebels omgitt av tjukk reformskodde. Vi har ikkje lykkast med å få tak i talspersonar frå nokon av dei tre aktuelle departementa som veit noko konkret om framtidas fiskerihamnordninga.

Ordning med lange tradisjonar

Fiskerihamner er ei gammal ordning som har eksistert sidan 1842.

Formålet er å tilrettelegge hamneinfrastruktur for å dekke fiskerinæringas behov. Totalt har staten investert i meir enn 750 hamner. Eit betydeleg tal av desse har ikkje lenger noko fiskeriaktivitet. Kystverket jobbar no med å selje unna inaktive fiskerihamner.

Tal fiskefartøy er redusert frå 6134 båtar i 2017 til 6067 til 2018 i utgangen av 2018.

Bekymra

Det set hamnesjef i Bremanger kommune, Monica Sande, lite pris på. Ho har kontakta Samferdsledepartmenet og Sogn og Fjordane Fylkeskommune om realiseringa av fiskerihamn-prosjektet i Kalvåg, som ligg inne i Nasjonal Transportplan 2018-2029, i siste halvdel. Dette er ein overordna plan og ikkje nokon garanti for realisering. Bremanger kommune venta oppstart på fiskerihamn-prosjektet i 2020, men Solberg-regjeringa skubba det ut i tid til 2024.

– Vi er bekymra for overføringa frå Kystverket til regionane når det gjeld nyinvesteringar i fiskerihamner, skriv Sande til Samferdsedepartementet. Ho fryktar at fiskerihamner kjem til å bli redprioritert i dei nye regionane når det skal vegast opp mot skule, vegar, helse og andre gode formål.

Fylket på vent

Næringssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Heggheim, viser til at Kystverket no er ein fase der dei ikkje kan gjere vedtak med verknad lenger enn 2019.

– Fylkeskommunen har ikkje økonomi eller kompetanse på det noverande tidspunktet til å gjere vedtak som forpliktar oss når det gjeld fiskerihamner, understrekar han.

Regjeringa Solberg tok tak i denne saka i 2015, men då ønskte dei å overføre ansvaret for fiskerihamner til kommunane. No ser det ut til å hamne hos fylkeskommunane, men utan noko eiga finansieringsordning.

For 2019 har regjeringa etablert overgangsordning for fiskerihamn- og farledsprosjekta som ligg inne i Nasjonal transportplan. Samferdsledepartementet arbeider no med å gjere avtale i samband med nye prioriterte søknader. I budsjettet for 2019 er det sett av 10 mill. kroner, som skal gå til ferdigstilling av prosjektplanar for fiskerihamner i kommunal eller fylkeskommunal regi. Midlane er retta mot prosjekt som ligg inne i NTP.

LES OGSÅ:

Fiskeridirektoratet hardt ut mot Fiskarlaget: – Fritidsfiskarane og turistane har teke over fiskerihamnene

– Vi kritiserer ikkje Fiskeridirektoratets arbeid 

Artikkeltags