- No må folk trå til

Artikkelen er over 2 år gammel

Responsen på aksjonsgruppa sin mobilisering for betre veg i ytre har vore formidabel. Men midlane saknar frå private folk i Bremanger.

DEL

Vegaksjonen i Ytre BremangerResponsen på aksjonsgruppa sin mobilisering for betre veg i ytre har vore formidabel. Men med ein konto som rommar ein million kroner, er dei framleis ein million unna summen dei treng for å sikre ny veg i ytre. Fram til 29. desember jobbar dei på spreng for å få innsamlinga av dei private midlane i boks.

– No har vi støvsoge bedriftene, og hyttefolket har gitt langt over forventning. No treng vi at dei lokale trår til, seier Jan Fredrik Fosse i aksjonen «betre veg ytre».

Dei private vert redninga

Aksjonen er eit resultat av at ein gjeng eldsjeler har teke på seg innsamlingsoppdraget. Pengane skal gå inn i ein pott saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune, som kvar skal bidra med to millionar kvar. Pengane skal gå til å utbetre vegen mellom Kalvåg og Klubben, ein veg som er smal og i dårleg stand.

Dersom kvar husstand betalar kr 1750 så blir det dei to millionane som trengst.

– Vi får ikkje ein oppdatert sum før heilagdagane er over, men det vi såg før helga er at vi manglar eit større engasjement frå dei fastbuande i Bremanger. Fleire hytteeigarar har gitt mellom sju og femten tusen kroner kvar. Det same har vi sett frå båtfolk. Det er altså folk utan særleg stor tilknyting til området som gir mest, seier han.

spleis.no har aksjonen samla inn 136.580 kroner. Kva som er kommen inn gjennom vanleg bankoverføring får dei ikkje vite før bankane opnar att etter julefri, men Jan Fredrik Fosse i aksjonsgruppa tippar dei er like rundt millionen.

– Av husstandane i Kalvåg og Bremanger har vi fått bidrag frå kring 175, medan vi burde fått inn nærare tusen, seier han.

– Men om berre 500 til trår til gir det resultat. Det er det som vert redninga vår, seier han.

Har støvsoge bedriftene

Førre veke slapp aksjonsgruppa ein ny musikkvideo. Eit grep for å få fleire til å bidra.

Les også: Sjekk vegaksjonens utrulege musikkvideo «Saman bygger vi veg»

– Vi får mykje positive respons. Folk synast det er artig. Vi lagde videoen på ein knapp dag, og mobiliserte. Vi er veldig glade for at folk hjelpte til, men no treng vi at folk hjelp med midlar.

Artikkeltags