– Må ha is i magen

8. mai: 8. mai skal skal jaktvalda i Bremanger møtest på Kolset i samband med høyringa på forvaltningsplanen i Bremanger. Der kan ein få «krysse klinge» med dei fagfolka som skogs- og viltforvaltar Bjørn Marthinussen baserer sitt planutkast på. Arkivfoto

8. mai: 8. mai skal skal jaktvalda i Bremanger møtest på Kolset i samband med høyringa på forvaltningsplanen i Bremanger. Der kan ein få «krysse klinge» med dei fagfolka som skogs- og viltforvaltar Bjørn Marthinussen baserer sitt planutkast på. Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

- Storbukkane skal skytast. Men dei må få lov å bli store nok først. Ingen har klart å produsere ein ti år gammal hjort på tre år.

DEL

Jegerane og vilforvaltar Bjørn Marthinussen er samde om målet: Å bygge opp ein meir robust hjortestamme. Men dei er usamde om tiltaka og tidsperspektivet.

LES OGSÅ: – Fullstendig feiltolking

Fagfolk på laget

Viltforvaltar Marthinussen har fagfolka på Norsk Hjortesenter og NINA bak seg i tolkinga av talmaterialet.

I fjor blei det ikkje fellt ein einaste returbukk - bukk over 12 år i Bremanger. Jegerane hevdar at desse bukkane finnest fordi dei har latt vere å skyte dei, medan viltforvaltninga meiner det knapt finnest slike dyr grunna fleire tiår med feil forvaltning av hjortestammen. Det er liten tvil om at det bakover i tid, 15-30 år sidan tradisjonelt har vore jakta mest på store hanndyr og hodyr.

I 2013 innførte viltforvaltninga i kommunen drastiske endringar med mykje kalveskyting og restriksjonar på skyting av dei eldste kollene og bukkane. Målet er å auke gjennomsnittalderen på hjortestammen.

Kva er ein storbukk?

Ein del av usemja kan skuldast definisjonen på kor gammal ein bukk bør vere for å kunne ta den ut av produksjon.

Det er ein bukk på mellom 12 - 20 år (returbukk).

Bukkar i alderen 7-11 år er definerte som vaksne. I 2016 vart det registrert felling av ti slike dyr i heile kommunen.

Ungbukkar (2-6 år) vart det fellt 76 av i 2016.

Ubalanse

Marthinussen viser til at berre to prosent av dyra i statistikken er sju år eller eldre.

Det meiner viltforvaltaren er eit bilete av ein dyrestamme som ikkje er i naturleg balanse.

– Når eg tildeler opp mot 60 prosent kalveløyve til grunneigarane, så er det ikkje fordi eg ser på hjortebukkar som ei slags heilag indisk ku som aldri skal slaktast og etast.

HEILE INNLEGGET TIL SENNESET OG FØRDE JAKTVALD:

 

Artikkeltags