- Detaljstyring av hjortejakt er ikkje for politikarar

Leiar for viltforvaltning hos hjortesenteret Magnus Frøyen (t.h.) og t.v. dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

Leiar for viltforvaltning hos hjortesenteret Magnus Frøyen (t.h.) og t.v. dagleg leiar Johan Trygve Solheim. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Detaljstyring av hjorteforvaltning høyrer ikkje heime på bordet til politikarar i formannskapet.

DEL

Det seier leiar for vilforvaltning hos Norsk Hjortesenter på Svanøy, Magnus Frøyen. ARV

I sist formannskap i Bremanger lanserte Marius Strømmen (Sp) fleire forslag i samband med Forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune. Mellom dei eit forslag med definerte prosentsatsar på kor stor prosentdel kalv, ungdyr og eldre dyr som burde takast ut for å nå forvaltningsmåla. Frøyen kan ikkje forstå at eit formannskapsmedlem har naudstynt kompetanse til å komme med endringsforslag i ei så ekstremt komplisert problemstiliing som hjorteforvaltning er.

Saka blei sett på spissen av at det på kommunens heimesider såg ut som om forslaget vart vedteke av formannskapet.

- Slik vedtaket vart presentert etter møtet, så ville det faktisk stride med heile målsetjinga for forvaltningsmåla. Det hang rett og slett ikkje på greip. Politikarane skal setje overordna mål for ei forvaltning, så er det opp til fagfolk og hjortevalda å bestemme detaljane for korleis måla kan nåast, påpeikar Frøyen.

I vedtaket stod det at uttak av kalv maksimum skulle vere 20 prosent. Det strir mot målet med å auke gjennomsnittsalderen på dyra i bestanden.

Då Firdaposten sjekka om vedtaket faktisk var rett skrive ut hos sekretær Hilde Jensen Midtbø i Bremanger kommune, viste det seg at fornuften truleg hadde sigra i formannskapet og at forslaget berre fekk Strømmen si eiga stemme. Forslaget fall og det gjorde også eit framlegg om at formannskapet ville be om direkte rapportering for å kunne sjå kommunen sin viltforvaltar Bjørn Marthinussen tettare i korta.

- Eg har aldri sett ei så grundig dokumentert hjorteforvaltning i nokon andre kommunar. Eg vil tru at dersom Bremanger held fram med sitt forvaltningsregime, så vil ein kunne dokumentere at ein er på god veg til å auke gjennomsnittsalderen på bestanden innan 3-5 år, seier Frøyen.

Det blei gjort eit endringsvedtak. Med 4 mot 3 stemmer vedtok formannkskapet at det skal kunne gjevast fellingsløyve på felling av dyr i samband med skade på innmark. Saka skal opp i kommunestyret den 27.april.

LES RELEVANTE SAKER:

Artikkeltags