Fem vil bli den femte legen

RANDI YTREHUS, DRIFTSSJEF FOR SOSIAL-PPT-HELSE  OG EHAMBARANATHAN RAVIKUMAR, FASTLEGE VED HAUGE LEGEKONTOR,

RANDI YTREHUS, DRIFTSSJEF FOR SOSIAL-PPT-HELSE OG EHAMBARANATHAN RAVIKUMAR, FASTLEGE VED HAUGE LEGEKONTOR, Foto:

Det er kome inn fem søkjarar til den nyoppretta legestillinga i Bremanger kommune.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- Vi skal til med tilsetjingsprosessen i løpet av veka, og eg kan ikkje seie når denne vert avslutta, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Bremanger, Randi Ytrehus.

3469 personar står registrert med fastlege i Bremanger kommune. Det er gjennomsnittleg 867 pasientar per lege. I tillegg til store krav i fastlegetenesta er eiga legevakt ei stor belastning for legane og dermed er det ein driftsmessig høg risiko for driftsbrot.

LES OGSÅ:

Derfor har kommunestyret vedteke å gå inn for å tilsetje ein lege utover dei fire som er der- kanskje særskilt med tanke på å få ned belastninga med den lokale legevakta. Tal eldre er aukande. Kommunen er vidstrakt geografisk. Spreidd busetnad er kostnadsdrivande i høve heimebaserte tenester.

- Vi har sett i verk fleire tiltak for å rekruttere i helsessektoren og arbeider for tida med ein felles kompetanse og rekrutteringsplan. Tidlegare har vi hatt sektorvise kompetanse – og rekrutteringsplanar.  Eg er prosjektleiar for dette arbeidet, som vi planlegg å legge fram for administrasjonsutvalet innan få månader. Handlingsdelen i planen seier noko om kva tiltak  Bremanger kommune skal  ha i høve etter og vidareutdanning.

Fem søkjarar har no i alle høve respondert på den nye utlysinga frå kommunen. I november uttalte Ytrehus at det ville by på utfordringar å få tilsett ein 5. lege. Men no ser det ut til å lykkast. Drift av to legekontor i kommunen er ei utfordring som betyr små fagmiljø og høge driftskostnader. Kommunen subsidierer i dag del deler av drifta på dei to legekontora.

Med ein femte lege skal ein kunne sikre full beredskap i Bremanger kommune 365 dagar i året i tidsrommet kl. 08-20. På kveld og natt kan legane stille som bakvakt og rykke ut i samråd med AMK-sentralen i Førde.

LES OGSÅ:

Legevakt har også vore del av debatten om kommunereforma:

Artikkeltags