- Bra for legane, verre for folk

- Samanslåing av kommunar kan gje ein betre kvardag for legane, medan folk i utkantane vil få dårlegare legedekning.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

LEGEVAKTANSVARLEG: Kan Shanker har samarbeidd med kommuneleiinga om å sy saman ei best mogleg legevaktordning for framtida. Foto: Heidi Hattestein

LEGEVAKTANSVARLEG: Kan Shanker har samarbeidd med kommuneleiinga om å sy saman ei best mogleg legevaktordning for framtida. Foto: Heidi Hattestein

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Det seier legevaktansvarleg lege i Bremanger, Kan Shanker. Han slår fast at kommunesamanslåing vil få store konsekvansar for fastlegetenesta og legevakta.

LES OGSÅ:

Amputert

Han har fått stadfesta frå fleire hald at dersom det blir ei kommunesamanslåing så vil fastlegane i Bremanger miste driftstilskotet som kompenserer for at det er for lite folk i kommunen til å fylle opp pasientlistene. Konsekvensen er at fastlegen heller vil etablere seg på stader med større folketal. Ved å bli ein del av eit større og såkalla robust system, får dei ein meir velordna kvardag, eit betre økonomisk fundament i form av lenger pasientliste og slepp samstundes å gå så mykje legevakter.

- Grunnlaget for lege-eksistens i små kommunar som blir slått samman til ein stor kommune vil forsvinne. Rekruttering blir garantert bli vanskeleg i Bremanger kommune og fastlegetilbodet blir svært amputert. Legevakt blir stasjonert lenger vekke frå folk, meiner Shanker.

På papiret vil den store nye kommunen ha nok legar, men folk i Bremanger vil få eit mykje dårlegare tilbod.

Kan Shanker, legevaktansvarleg lege i Bremanger

Senjalegen

Ei relevant samanlikning av problemstillinga ser vi i Troms, der eit interkommunalt legevaktsamarbeid blei starta opp som eit pilotprosjekt i 2007;  Senjalegen. Det er eit felles legeopplegg for kommunane Berg, Torsken, Tranø og Lenvik . Legekontora er sentralisert lokalt der kvar fastlege er knytt til eit slik kontor. Kvar lege skal etter planen ha to utreisedagar til lokale "utekontor" og alltid ha med seg ein turnuslege. Totalt er det kring 20 fastlegar og fire turnuslegar i systemet.

Den offisielle sluttrapporten frå 2015 teiknar eit bilde av eit vellykka prosjekt med kombinasjon av fastlegar som jobbar i tospann med turnuslegar.

Men i nettbaserte diskusjonsforum for legar kjem det fram at ikkje alt er som i den offisielle versjonen.

Ein lege som har jobba i Senjalegen seier mellom anna dette i diskusjonsforumet Eyr Lege Debatt Forum:

"Prosjektet var aldri ment for å hjelpe befolkningen. Sammenlignet med perioden før ordningen da hver av de 3 kommunene hadde 2 leger og en turnuskandidat i egen kommune,  ble ordningen slik at legene flyttedes ut 7 mil fra kommunen til et felles legekontor. Konsekvens av at kommunene ble utan leger ble utrygghet i befolkning og massiv fraflytting på upp til 30-40%. Å forsøke fremstille svart som om det var hvitt, er definitivt ingen oppgave for seriøs forskning- uansett signaturer fra emeritus professorer eller andre mindre meriterte."

Artikkeltags