Ein bil med ein far og mindreårige barn køyrde langs Dalevatnet i retning mot ferjeleiet på Oldeide. I ein uoversiktleg sving på Myra på Svarstad kom det ein møtande bil. Sidan det var nullføre og speglblank køyrebane, var det inga anna råd enn å sikte seg inn på grøfta. På nedsida av vegen er det ein bratt skråning- noko som førte til at eine bilen bikka rundt og hamna på taket.
LES OGSÅ:
- To ulykker i Bremanger på ein dag
- Det har teke si tid, men no er han i gang med innsamlinga
- Bil av vegen på fv 616
- Det vart heldigvis ikkje personskade, fortel bussjåfør Jan Martin Kjærstad i Firda Billag, som kom til staden rett etterpå.
Hendinga føyer seg inn i rekka av utforkøyringar etter opninga av Bremanger 2 og nedlegginga av ferja Kjelkenes-Smørhamn. Trafikken på den smale og svingete vegen har auka, og lokale folk må stadig trø til for å få bilar på vegen att. Folk som ikkje kjenner kurvatur og kor knipetaka er verst på vegen, feilbereknar gjerne farten og må ut forbi vegen for å unngå kollisjon.

Bil hamna på taket