Er du toalett-trengande her, må du vente til våren

Holneset på Hornelsvegen mellom Bortnen og Rugsund. 
Hornelen i bakgrunnen.

Holneset på Hornelsvegen mellom Bortnen og Rugsund. Hornelen i bakgrunnen. Foto:

Lokalbefolkninga og kommunen ber om heilårsope toalett på Fv 616, men bøna har feil kost-nytte-verdi.

DEL

Bremanger kommune ber om at Statens vegvesen opnar toaletta på Gloføyke att, og held desse opne heile året.

– Kommunen mottek klager både frå fastbuande og frå reisande på at det ikkje er tilgjengelege toalettfasilitetar på denne strekninga. Næraste offentlege toalett langs vegen er no i Eikefjorden. Toaletta på Gloføyke blir brukt av både privatbilistar og av langtransport/yrkestransport, skriv sjef for plan og forvaltning i Bremanger, Magnhild Myklebust, til Statens vegvesen. 

Ho viser til at trass stenginga av Skatestraumstunnelein 2015 kan ein vise til auka trafikkgrunnlag på denne strekninga, og dette gjeld også i vintersesongen. Mangel på toalettfasilitetar vi auke forsøpling og tilgrising langs vegen. Dette ønskjer ikkje Bremanger kommune, og dei reknar med at Statens vegvesen heller ikkje ynskjer dette.

Hornelen sett frå tusenårsstaden Gloføyke. Bremanger.

Hornelen sett frå tusenårsstaden Gloføyke. Bremanger. Foto:

– Det er veldig positivt at det no vert planlagt toalettbygg på Oldeide,  som kan vere heilårsopne, men fram til dette er bygt ber kommunen om at toaletta på Gloføyke vert haldne opne.

Men Statens vegvesen har slunken pengesekk. Dei viser til at slik situasjon er i Sogn og Fjordane, er det ikkje uvanleg at toalett og rasteplassar langs vegane vert vinterstengt. Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har toalett som ei supplering til andre tilbod langs vegane.

–Vi har forståing for ønsket om heilårsope toalett på Gloføyke,  men vinterstenging av toalettet er gjort utifrå ei totalvurdering av kost og nytte, svarer Tone Anette Espe i Statens vegvesen.

Artikkeltags