– Fullstendig feiltolking

HJORTEJAKT: Her frå jakta i Dalen jaktvald- også eit vald som jobbar nøye med datainnsamling og registrering av dyr. Arkivfoto

ROGER KLUNGRESET OG LEIF VARPE DREG DYRET FRAM TIL EIN TRAKTORVEG.

HJORTEJAKT: Her frå jakta i Dalen jaktvald- også eit vald som jobbar nøye med datainnsamling og registrering av dyr. Arkivfoto ROGER KLUNGRESET OG LEIF VARPE DREG DYRET FRAM TIL EIN TRAKTORVEG.

Artikkelen er over 2 år gammel

– Påstandane om at det ikkje finst vaksne bukkar synest å vere basert på feiltolking av statistikk og feilaktig oppleving av verkelegheita.

DEL

Det skriv Svein Olav Senneset på vegner av valdsansvarleg Frode Olsen i Senneset og Førde jaktvald i ytre Bremanger.

Det er kraftig kost dei kjem med i uttalen om revisjon av forvaltningsmål for hjortebestanden i Bremanger kommune 2017–2020.

Viltforvaltaren sitt tilsvar: – Må ha is i magen

Ingen vaksne bukkar?

I saksframlegget frå viltforvaltar Bjørn Henry Marthinussen står det å lese:

Hjortejakta dei siste 30 åra på Vestlandet- inklusiv Bremanger, har påverka hjortestammen negativt med overvekt av unge dyr i vinterbestanden. Innsamlinga og aldersbestemminga av kjevar viser at det nesten ikkje finst vaksen bukk i Bremanger.

Den skildringa kjenner ikkje jegerane i ytre Bremanger seg att i:

– Vi kan ikkje sjå at det er grunnlag for å hevde noko av dette, slår Senneset fast.

Det er viktig å forstå at kjeveinnsamlinga dokumenterer alderen på dyra som er felt og ikkje alderen på dei attlevande.

Senneset og Førde jaktlag

Dei finn det svært uheldig at Bremangerlandet og Frøya ikkje har vore representerte i prosjektgruppa.

Krev endringar

Senneset og Førde jaktvald viser til at lokalkunnskap er ein avgjerande føresetnad for å skildre status på hjortestammen, utviklinga som har vore og målsetting for forvaltninga.

– Vi ber om at samansettinga av prosjekt gruppa blir endra, slik grunneigarar frå alle delar av kommunen vert representerte. Dette må også gjelde ved etablering av liknande grupper også i framtida.

Dei meiner at statistikktala faktisk viser at det vert felt ein stadig mindre prosentdel vaksne bukkar i Bremanger kommune. Forklaringa er så enkel som at kvotane på felling av bukk har vorte reduserte.

Neste punkt dei er fagleg usamde i – er om det faktisk finst eldre bukk – eller ikkje.

– Statistikken viser berre at dei vaksne bukkane som er felte har låg gjennomsnittsalder. Vi jobbar mot overordna målsettingar og feller ikkje storbukk i utrengsmål.

At dei felte bukkane har låg snittalder- kjem ikkje av at der ikkje finst slike dyr. Det kan forklarast med at grunneigarar og jegerar driv ansvarleg forvaltning.

Senneset og Førde jaktlag

Dei finn påstanden om at det er veldig populært å skyte hanndyr urimeleg. Det er ei skildring dei ikkje kjenner seg att i:

– Vi feller dyr i samsvar med tildelt kvote og er flinke til å ta ut unge bukkar framfor eldre.

Dei viser elles til at det er lettare for jegerane å vurdere alder på bukk enn på kolle i jaktsituasjon – ut frå storleik på gevir og talet på taggar.

Mykje bukk å sjå

Dei meiner hjorteforvaltaren i kommunen også overdriv konsekvensane.

– Fakta i statistikken er at det knapt har vore sett så mykje bukk i Bremanger kommune som dei to siste åra. Vi jegerane har vore flinke til å la dei største bukkane få leve, skriv Senneset og viser til gjennomsnittleg alder på felt bukk er 4 år.

Jegerane i valdet Senneset og Førde er overtydde om at den lokale hjortestammen er i god forvaltning. Dei opplever at det er godt med dyr i alle aldrar og kategoriar. Slaktevektene er gode og det manglar korkje produksjonskoller eller store bukkar.

- Vi har knapt sett og høyrt så mange store bukkar som sist haust, hevdar jegerane Senneset og Førde jaktlag.

HEILE INNLEGGET TIL SENNESET OG FØRDE JAKTVALD:

Artikkeltags