Siste ord ikkje sagt i hjortestriden

Hjortebukkar i kamp.

Hjortebukkar i kamp. Foto:

Per Lars Sande i Hornelen bestandsplanområde aksepterer ikkje godkjenninga av Bremangerlandet og klagar saka inn for Miljødirektoratet.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

BremangerDet er ikkje berre hjortebukkane som er fulle av ambisjonar om å herske over store revir no på seinhausten. Kamplysta er tydelegvis like stor blant jegerane.

Etter at Fylkesmannen si miljøvernavdeling endeleg godkjende Bremangerlandet bestandsplanområde tidleg i september, har Hornelen bestandplanområde valt å nytte seg av siste klageinstans, Miljødirektoratet.

Kort oppsummert handlar saka om å få samle valda både på øyane Frøya og Bremangerlandet og fastlandet i Bremanger til eit felles bestandplanområde innan det nordre årsleveområdet. Det strekk seg frå øyane i vest og heilt innover til Gloppen.

1. Hornelen bestandplanområde har greidd å samla nokre hjortevald på fastlandet i tillegg til valda på Frøya.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar. Foto:

2. I løpet av året har Bremangerlandet bestandsplanområde ved Svein Olav Senneset fått godkjent eit samanhengande bestandplanområde.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet. Foto:

3. Konsekvensen er at kongstanken om å samle både øyane og fastlandet i eit felles bestandplanområde ikkje blir noko av. No nyttar Hornelen bestandsplanområde seg av siste klageinstans, Miljødirektoratet. 

Utanom desse bestandplanområda er det fleire hjortevald i indre Bremanger i Davik og Ålfoten som ønsker å stå åleine.

MEIR OM SAKA HER

Artikkeltags