2-1 til Senneset og Bremangerlandet

Svein Olav Senneset innfelt i eit bilde frå Dalen jaktvald i ytre.

Svein Olav Senneset innfelt i eit bilde frå Dalen jaktvald i ytre. Foto:

Per Lars Sande i Hornelen bestandsplanområde fekk ikkje medhald i si klage på godkjenning av Bremangerlandet bestandsplanområde hos Miljødirektoratet.

DEL

Miljødirektoratet avviste klage på Bremangerlandet bestandsplanområdeEtter at Fylkesmannen si miljøvernavdeling endeleg godkjende Bremangerlandet bestandsplanområde tidleg i september, valde Hornelen bestandplanområde å nytte seg av siste klageinstans, Miljødirektoratet.

Då Hornelen klaga saka inn for Fylkesmannen, blei klagen på den kommunale godkjenninga av bestandsplanområdet i ytre først teken til følgje, men seinare gjort om igjen.

- Sjølv om det er gjort eit fagleg godt arbeid med å definere eit årsleveområde for hjort, er det ikkje noko krav til at det berre skal vere eit bestandsplanområde innan eit definert årsleveområde, slår avdelingsdirektør Yngve Svarte og seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet fast.

Dei viser til gjeldande regelverk i hjorteviltforskrifta.

Det riv beina under argumentasjonen til Hornelen bestandplanområde som ikkje aksepterer opprettinga av Bremangerlandet bestandsplanområde.

Kort oppsummert handlar saka om å få samle valda både på øyane Frøya og Bremangerlandet og fastlandet i Bremanger til eit stort felles bestandplanområde innan det nordre årsleveområdet i kommunen. Det strekk seg frå øyane i vest og heilt innover til Gloppen.

1. Hornelen bestandplanområde har greidd å samla nokre hjortevald på fastlandet i tillegg til valda på Frøya.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar.

Hornelen bestandsplanområde har nokon vald i indre og nokre i ytre- men det er mange som manglar. Foto:

2. I løpet av året har Bremangerlandet bestandsplanområde ved Svein Olav Senneset fått godkjent eit samanhengande bestandplanområde.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet.

Søknad om bestandsplanområde og bestandsplan på Bemangerlandet. Foto:

3. Konsekvensen er at kongstanken om å samle både øyane og fastlandet i eit felles bestandplanområde ikkje blir noko av.

Utanom desse bestandplanområda er det fleire hjortevald i indre Bremanger i Davik og Ålfoten som ønsker å stå åleine.

MEIR OM SAKA HER

Artikkeltags