Ber kommunestyret skifte ut ordføraren

STÅR PÅ SITT: Leiar for almennlegeutvalet i Bremanger, Kan Shanker.

STÅR PÅ SITT: Leiar for almennlegeutvalet i Bremanger, Kan Shanker.

Leiar i allmennlegeutvalet, Kan Shanker, meiner kommunestyret bør vurdere å skifte ut ordførar Audun Åge Røys (H).

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Dette fordi Audun Åge Røys i styremøtet i Kystvegen Måløy-Florø stemde for Terøy-alternativet inn mot Florø/Førde.

- Alt tyder på at ordføraren under avstemminga på styremøtet rett og slett trudde at han representerte eit fiskemottak i Kalvåg, skriv ein veldig engasjert lege.

Han referer her til Pelagia, som er kommunens andre største private bedrift, der det andre styremedlemmet, Jourunn Frøyen (H), også er tilsett. Shanker påpeikar at det er uheldig at styremedlemmene er frå samme parti og samme nabolag i Kalvåg.

- Vi ber kommunestyret om å vurdere å skifte ut ordføraren som styremedlem i Kystvegen Måløy-Florø.

Ambulansetenesta i fare

Shanker viser til at mange menneske i Bremanger har påpeika at kort veg til sjukehus veg tungt i vurderinga av traséval, både mot sør over Grov og mot nord, der han ønskjer Otteren-Bryggja-alternativet for å korte inn vegen til sjukehuset på Nordfjordeid.

Shanker krev at ordførar Røys stiller personleg og ikkje sender varaordførar på neste møte i samarbeidsutvalet i kommunen. Han minner om at ambulansetenesta i Bremanger står i fare for å bli lagt ned- i følgje signal frå Helse Førde. Derfor meiner han ein bør satse på vegløysingar som styrkar moglegheitene for å halde på den livsviktige ambulansetenesta. 

Tilsvar

Ordførar Audun Åge Røys meiner at Shanker sitt utspel ikkje er prega å ha eit særleg høgt sakleg nivå. Han meiner det blir feil at Shanker sine argument skal trumfe all annan argumentasjon i eit så komplisert spørsmål.

- Shanker sitt utspel er vanskeleg å kommentere så mykje på. Det er på grensa til eit direkte personangrep. Eg blir tillagt meiningar og motiv eg slett ikkje har.

Ordføraren viser til at ein må skille mellom rolla som politikar og rolla som styremedlem i eit aksjeselskap.

- I Kystvegen Måløy-Florø skal vi stemme for det beste til selskapet sine interesser. Selskapet skal eksistere vidare og vi må gjere det lettast mogleg for vegselskapet å jobbe vidare ut frå ei felles plattform. Vi er faktisk avhengige av nabokommunane våre.

Endra rekkefølgje

- Vi er vel også avhengige av eit godt forhold til Førde og Naustdal?

- Ja, det er vi. Det er viktig å merke seg at kystvegstyret har berre endra på rekkefølgja Statens vegvesen har sett opp. Det viktigaste er å halde fast på Indrehus-Svelgen, som allereie ligg inne på marginallista. Deretter meiner styret at bru over Nordfjord bør komme som nummer to. Det er der den store samferdslerevolusjonen ligg, med å få ei ferjefri kryssing over Nordfjord. Når det gjeld spørsmålet Terøy eller Grov, så ligg det veldig langt ute i tid og mykje kan ha endra seg før det blir aktuelt. Vi har ein veg over Magnhildskaret til Grov som eksisterer og som er brukande dei aller fleste dagane i året.

LES INNLEGGET:

Artikkeltags