- Dei tyner distrikta

Audun Åge Røys Høgre.

Audun Åge Røys Høgre. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I eit forslag frå konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta, Clara Øberg, vert det lagt opp til å halvere talet på tannklinikkar i fylket, deriblant at begge tannklinikkane i Bremanger skal bort, fortel NRK Sogn og Fjordane.

Forslaget kjem som følgje av innsparingskrav, men Øberg meiner at dette uansett er eit riktig fagleg grep for framtida, seier ho.

Det er stort sett einmannsklinikkar som vert føreslegne nedlagde.

- Vi satsar på større fagmiljø, seier Øberg.

Ho trur ikkje lengre reisetid vil ha særleg betydning for folk, fordi tannlege er eit teneste dei fleste ikkje nyttar seg av så ofte.

- Vi meiner det ikkje er for mykje å ha ein time reisetid, sidan dette er sjeldan-tenester for dei fleste, seier ho.

I Bremanger vert ein ståande utan tannlege og dei næraste tilboda vil då vere anten Florø eller Måløy, begge med reisetid på ein time. Ordførar Audun Åge Røys har vanskeleg for å sette ord på kor opprørt forslaget gjer han.

- Eg synes dette er heilt uhaldbart! Det verkar som dei vil tyne distrikta heile tida og det synes eg ikkje noko om. Dei snakkar om robuste fagmiljø, og det er vel og bra for dei som skal jobbe der, men det vert jo ikkje bra for dei som fagmiljøet skal vere der for, nemleg pasientane, seier Røys til Firdaposten. Han held ironisk fram:

- Om gjer eit tankeeksperiment og tenker seg avstanden frå Bremanger til Florø, så er det lenger enn avstanden mellom Florø og Førde. Då kan ein jo likegodt legge ned ein av dei, då, så blir det verkeleg robust og med større fagmiljø?

Ei nedlegging av 13 tannklinikkar betyr ein innsparing på 11 millionar kroner for fylket.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken