– Fylkesmannen tilrår, men departementet bestemmer

USAMD: Kristin Maurstad kjem ikkje til å flytte frå Bryggja der ho bur, men ho kjem som Vågsøy-ordførar til å kjempe for at Bryggja blir del av Kinn.

USAMD: Kristin Maurstad kjem ikkje til å flytte frå Bryggja der ho bur, men ho kjem som Vågsøy-ordførar til å kjempe for at Bryggja blir del av Kinn.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad bur sjølv på Bryggja, men ho er tydeleg på at det er irrelevant i denne samanhengen. 

– Eg har eit fleirtal i kommunestyret å ta omsyn til, og vi er ikkje samde med fylkesmannen i denne saka, strekar Maurstad under.

Ho peiker på at folkeviljen til dei som bur på Bryggja har blitt for tungt vektlagt i fylkesmannen si tilråding. Ho meiner det er fleire andre moment som ikkje er blitt belyst like sterkt.

Ikkje kortare veg

– Det blir sagt at det skal vere kortare veg til tenestene i Stad kommune, men dette stemmer ikkje. Avstandane vil faktisk bli lengre, seier Maurstad. I tillegg kjem Vågsøy til å agere tydeleg overfor departementet at ulempene ved at Bryggja går ut av Vågsøy/Kinn kommune.

– Vi har gjort investeringar som til dømes ein ny ungdomsskule der gjelda skal handterast av færre innbyggarar. Gjelda er like stor som før men skal betjenast av færre. Kjem vi til eldreomsorg så har Bryggja 20 prosent av kapasiteten til Vågsøy kommune medan dei berre har 9 prosent av innbyggarane. Det betyr at vi må investere tyngre i omsorgssplassar om Bryggja går ut. Dette er noko som vil bli del av eit eventuelt økonomisk oppgjer om departementet lar Bryggja bli del av Stad.

Det blir ikkje betre tenester, eller kortare avstand til tenestene om Bryggja skulle gå til Stad kommune

Kristin Maurstad, ordførar Vågsøy

- Tydeleg svar på skulenedlegginga

Floraordførar Ola Teigen fortel at grensejustering for Bryggja mellom Kinn og Stad kjem av usemje med politiske vedtak, som her handlar om skulenedlegging. Dette er noko Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sagt ikkje skal ligge til grunn ved grensejusteringar mellom noske kommunar.

VIL GI PRESEDENS Floraordførar Ola Teigen trur det vil komme eit ras av misfornøgde grender om departementet no lar Bryggja gå til Stad fordi dei er usamde med at skulen blir lagt ned.

VIL GI PRESEDENS Floraordførar Ola Teigen trur det vil komme eit ras av misfornøgde grender om departementet no lar Bryggja gå til Stad fordi dei er usamde med at skulen blir lagt ned.

– Det er vanskeleg å tolke dette noko anna enn at det er usemje ved politiske vedtak. Det var også noko som kom opp før Kinn kommune var tema. Eg er litt overraska over kva praksis dette vil kunne løyse ut om dette blir endeleg, poengterer Teigen og trur det vil komme eit ras av misfornøgde grender som vil ha grensejustering om dette går igjennom.

Han legg til at politisk misnøye med skulestruktur får dei som bur i grendene ikkje er noko nytt.

– Vi har sett utspel i Flora kommune der enkelte politikarar i Nordalsfjord vil flytte bygda til Bremanger om skulekutt blir tema, vi har sett det i Ålfoten, Davik og tidlegare også i Vevring, seier Teigen og meiner dette er uheldig.

– Det kan ikkje vere slik at eit kommunestyre ikkje kan gjere vedtak som støttar sunn kommuneøkonomi. Stuper elevtalet i små grender og det ikkje lenger er grunnlag for å drive skule. Då må ein treffe nødvendige strukturelle grep, kjem det frå Teigen og meiner dette handlar om å drive kommunar berekraftig og forsvarleg.

Han fortel det er mykje som skal planleggast no når arbeidet med å bygge den nye kommunen er i full gang og at denne saka verkar forstyrrande.

Artikkeltags