Kystvegen må gå i indre

Av

Bremanger kommune må gå for indre trase- Terøy-alternativet til Florø er heilt urealistisk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Brosjyre Kystvegen Bergen-Ålesund.

Brosjyre Kystvegen Bergen-Ålesund. (Foto: )

DEL

Firdaposten i 1 mnd. for 49 kr!

DEBATTStatens vegvesen si utgreiing for kystvegen Ålesund – Bergen vart ferdig i  desember. Snarleg skal kommunane komme med sine endelege innspel  før vegvesenet skal konkludere for ein framtidsretta veg.  Av dei ulike framlegg til trase, kjem det indre alternativet best ut på alle vurderte område.

Indre trase er bru Bryggja -  Otteren  og vidare til Grov i sør, eksisterande veg forbi Eikefjorden der ein byggjer ny veg mot Redalen og kryssar Førdefjorden på smalaste punkt mot Dalsfjord brua . Dette gjev kortast kystveg Ålesund- Bergen, størst bu og arbeidsmarknad, (45 minutt regionar ) best tilknytinga til E39 og  i særklasse mest trafikk. Til tross for fleire oppslag i Firdaposten har ikkje Arve Solbakken klart å få fram grunnleggande fakta i denne sak.

Den enorme  forskjellen i trafikk tall viser heilt klar at det er indre trase ( raskast nord –sør) kyst folket er mest tjent med. I følgje trafikkprognoser vil ein ved Svelgen – Grov  trase få 1670 bilar i døgnet, medan ein ved  den dyrare Terøy løysinga kun vil  få 770 biler pr døgn , + 300 som vil kjøre gamle veg over fjellet. Sidan ein legger opp til  brukar finansiering med bompengar  , så må Tærøy være heilt uaktuelt, spesielt når ein veit at trase Svelgen – Grov kan takast i ulike byggesteg . Når ein hevder at Svelgen -  Tærøy  har ein kostnad på 5.7 mrd medan Svelgen – Grov og har ein kostnad på heile 5,1 mrd, så må ein sjå kva som ligger bak desse tall. Statens vegvesen har i si utgreiing  med kostnader lagt  in ny bru til erstatning for Nordalsfjord brua også ved Grov løysing.  Dette viser at vegvesenet tenker langsiktig og er ute etter framtidsretta løysingar. Dette er fint, men folk i Bremanger vil truleg i første omgang vere nøgd med å betale bompengar for tunell svelgen – indrehus og vidare tunell til Haukå, slik at vi får vekk fjell overgangen.

Jostein Eimhjellen vil ha størst mogleg trafikk gjennom Svelgen og kortast mogleg veg til Førde og Eid.

Jostein Eimhjellen vil ha størst mogleg trafikk gjennom Svelgen og kortast mogleg veg til Førde og Eid. (Foto: )

Ser ein på vidare trase sørover frå Grov til  Dalsfjord brua så  gjev det indre alternativ kortast veg Flora- Dalsfjordbrua . Indre løysing er her kostnadsrekna til 5.6 mrd kr , medan Flora sit einaste alternativ utan ferje som kjem litt lengre vest, men likevell gjev lengre veg er kostnadsrekna til 10.5 mrd . Når Indre alternativ er rimelegare og gjev kortast veg både som kystveg nord-sør og mot Flora ,samt gjev mest trafikk gjennom Flora Kommune,  kva er då problemet med at vegen svingar litt in i Naustal kommune ? I følgje Firdaposten fekk som kjent Frank Willy Djuvik  og co <spontant raseri utbrot>  når Førde og Naustal sjølvsakt ville gå for indre trase. Truleg treng desse karane  terapi mot Sunnfjord frykt , før vi øydelegger for heile veg prosjektet.  Korleis skal dei kunne forklare samferdsledepartementet at den trase som er lengst, dyrast og gjev minst  trafikk er ei bedtre riksveg løysing en eit alternativet  som er kortare, rimelegare og som gjev langt  meir trafikk , og i tillegg i snitt utløyser en større bu og arbeidsmarknad ? Skal Djuvik og CO  her fortelje at trafikk på denne kystvegen ikkje er så viktig?, eller skal dei  fortelle at dei  eigentleg ikkje vi ha ein kystveg, men berre ein lokal veg som knyttar saman Flora med  Bremanger og Måløy. -Truleg vil Søvik Olsen riste på hovudet og finne ein anna stad i Norge å bygge veg.

 Det vi no ser, er at vi med den fanat -egoistiske  Måløy - Florø tanken,  taler ned den regionalt riktige  løysinga , som i  realiteten er den einaste vi kan få realisert som riksveg. Taperane blir oss sjølv, og spesielt Bremanger som har dårlegast kommunikasjon ut av eigen kommune. Tenk så flott for næringsliv og handelstand med tre dobling av trafikk gjennom våre kommunar.  For vekst og utvikling står vi sterkare  om vi også får god kommunikasjon  mot ei næringsliv som er ulikt det vi har sjølv. Argumenta for den lokale < Knytte hamnene saman > strategien som  har blitt hevda av enkelte, er totalt appsurd og blir heilt feil, spesielt når dette ikkje harmonerer med ein størst mogleg 45 minutt region. Ein trailer som starter frå eksempel Elkem, skal gjerne lengre en til Flora eller Måløy . Vi må dermed tenke større når vi skal knytte kysten saman, og sjølvsakt sjå verdien av mest mogleg  regnonale trafikk gjennom våre kommunar. Gledleg at både ordførar i Selje og Eid no har varsla at dei vil stemme for indre trase. At Selje ynskjer indre trase, viser at kysten ikkje stopper i Måløy.

Bremanger blir ein vinner ved indre trase!

Bremanger blir ved indre trase ein vinner, der vi kan nå lengst i alle retningar .Rapporten til vevesenet  konkluderer og med at ei eventuelt ny kort fergje løysing til 1.3 mil kr frå Rugsund øy over Nordfjorden ,gjev lite ekstra trafikk. Kvifor skal vi vurdere dette, når vi i dag har to fergjer som fungere for kvar sine bu og arbeid områder, der også Måløy –Oldeide ferja i dag  stopper på Husevåg øy.

Skal det byggast bru , så blir  Otteren – Bryggja  einaste løysing der vi får ut fergje avkorting midlar for begge fergjer vi har i dag. Når dette i tillegg som regionalt riktig løysing, gjev mest trafikk, så vil ekstra inntekter kunne veie opp  for dyrare byggekostnader. Må og sjå at vêrtilhøva ved Rugsund gjer bru der uaktuell som kystveg.  Ytre Bremanger sine behov har det vore mykje omtala, men denne øya har tross alt fått Bremanger samband 1 og 2 og det må heller arbeidast vidare med betre tilførsel veg. Enkelte der i vest hevder dei har forståing for at det er trist for Ålfoten og Davik om fergja Stårheim –Isane forsvinner ? Kor forståingsfulle fulle dei er vil vi snart sjå når vår Kalvåg ordførar og co skal stemme for trase.

Skal vi lykkast med busetnad og næringsutvikling i indre Bremanger, så treng vi ro rundt framtidige rammevilkår for dette. Ein kystveg Ålesund – Bergen med mest mogleg regional trafikk , kan forandre samfunnet frå å være ein avkrok. Dette kan skape optimisme og utvikling og bli eit nødvendig bidrag til å oppretthalde handelstand og servise tilbod, som også kjem ytre Bremanger til gode.

La oss bygge vegar for utvikling av eigen kommune, og ikkje for kommunesamanslåing og avvikling.

For Bremanger betyr dette  at vi skal seie ja til den beste regionale løysinga for kystvegen.

Rapporten frå vegvesenet er uansett  klinkande klar, så dette burde ikkje være ei vanskeleg sak for verken Bremanger eller dei andre kommunane å avgjere. – Vi må sjølvsakt  seie ja til beste løysing.

Framlegg til vedtak for denne sak Bremanger kommune:

Bremanger kommune bør gå for indre  trase,  der vi ved utbygging legger vekt på følgande prioritering og presisering.

1.Først realisering av veg frå Svelgen til Grov. ( Få vekk fjellovergang)

2. Over Nordfjorden  får fergjene gå som i dag for sine to ulike bu og arbeid område  intill  vi kan realisere bru Otteren – Bryggja i framtida. 

Artikkeltags