Trailer stod fast i Magnhildskaret

Tysk trailer kom seg ikkje opp vegen i Grytadalen. Fv 614.

Tysk trailer kom seg ikkje opp vegen i Grytadalen. Fv 614. Foto:

DEL

Ein tysk trailer på veg frå Florø til Svelgen-regionen,  har sklidd av vegen og står fast på Magnhildskarvegen i Grytadalen på  Fv 614.

– Bilen har sklidd inn til rekkeverket på sørsida av Magnhildskartunnelen, rett før ein kjem til området der anleggsmaskinene til vindparkutbygginga på Guleslettene står parkert, fortel tipsar Mohamed Sangare.

Det er ekstremt glatt på staden. Bilar kjem forbi traileren no, men ved bilberging vil vegen truleg bli stengt.

14.00 får vi stadfesta at vegen er opna att.

Artikkeltags