– Tarehausting skaper økologisk ubalanse

Bilde av tareskog etter tråling.

Bilde av tareskog etter tråling. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Regelmessig trålte tareområde blir haldne i ein tilstand med varig redusert artsmangfald, hevdar seniorrådgjevar Tore Larsen.

DEL

Han arbeider i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og var del av den fylkeskommunalt leia arbeidsgruppa som i april i fjor la fram «Forslag til forskrift for tarehausting i Sogn og Fjordane.» Han trekte seg frå arbeidsgruppa fordi han meinte at ein i staden for å diskutere kva grunne sjøområde som faktisk kan tole belastninga av tarehausting, i staden tok utgangspunkt i at tråling er mogleg over alt og at stenging av enkelte område kravde ei fagleg grundig grunngjeving.  

LES OGSÅ:

Lenger intervall

– Taretråling skjer med fem års intervall, men det biologiske mangfaldet brukar 8–10 år før alle artane er på plass igjen, skriv Tore Larsen, som saman med fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal argumenterer for at hausteintervall må aukast frå fem til åtte år. Dei får støtte i dette synet frå seksjonsleiar Kari Holden og seniorrådgjevar Egil Postmyr i Miljødirektoratet.

Tore Larsen.

Tore Larsen. Foto:

Dei hevdar at arbeidsgruppa, som var samansett av folk frå fylkeskommunen, Fiskeridirektoratet, tareselskapet FMC Biopolymer, Norges Fiskarlag og Flora og Bremanger kommune, ikkje vann fram med nokon av sine innspel og hausteforskrifta blei vidareført slik som den var før.

Tett tareskog ved fuglefjellet på Runde i havet på Mørekysten. Kelp forest in Norway.
 Foto: © Lill Haugen / NTB scanpix

Tett tareskog ved fuglefjellet på Runde i havet på Mørekysten. Kelp forest in Norway. Foto: © Lill Haugen / NTB scanpix Foto:

Betre kartverk

Det er ikkje regiondirektør i Fiskeridirektoratet, Vidar Ulriksen, samd i.

–   Eg sat sjølv i gruppa. Vi er i ferd med å få på plass første punkt, presise digitale kartløysingar som gjer at dei som trålar unngår konfliktar basert på misforståingar, presiserer han.

Nyleg kom det fram påstandar om at det er blitt tråla i vernesona ved Grotle gamle kyrkjegard, men digital kartsporing viser at det ikkje har funne stad.

– Det er berre få promillar av stortaren langs kysten som blir teke opp av trålarane, påpeikar han.

Kompromiss

– Men i eit svært godt eigna og stort trålområde som i Bremangerpollen ligg det godt til rette for å hente opp 50–60 prosent av tareskogen?

– Ja, men vi har gjort eit kompromiss her. Det er fagleg sett ingen grunn til at indre delar av Bremangerpollen skal vere verna, men vi har likevel gjort det.

Også Havforskingsinstituttet har komme med uttaler som støttar miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen sitt syn på hausteintervall.

«I samsvar med ein økosystembasert forvaltning, bør man vurdere ein høstesyklus som er lenger enn fem år», skriv dei i eit av innspela til arbeidsgruppa i Sogn og Fjordane.

Taretrålar på veg med Grotle-tare.

Taretrålar på veg med Grotle-tare. Foto:

Økosystem-kunnskap manglar

Sjølv om tarenæringa har hausta stortare i fleire tiår allereie, eksisterer det ikkje noko eksakt vitskapleg kunnskap om effektane på heile økosystemet i tareskogen. Det er gjort forsking på kor fort sjølve stortareskogen tek seg opp att og på kor fort påvekstorganismane på tareplanten kjem att. Det er også forska på effektane taretrålinga har på krabbe og hummar, men lite om økosystemet som heilskap.

Derfor er Havforskingsinstituttet i gang med eit nytt prosjekt i Trøndeleg for om mogleg å kunne finne effekten taretråling har på fiskebestandane på kysten.  

Forskar Kjell Magnus Norderhaug jobbar med dette:

– Vi undersøker eit tråla område og eit som er urørt for å måle forskjellar. Men vi har ingen ferdige resultat enno.

Han strekar under at tareskogen er eit økosystem som er tilpassa store dramatiske endringar skapt av stormar som genererer kraftige bølger og sterk straum. Samstundes veit ein at det er eit komplisert økosystem med stort artsmangfald,  som er viktig for fiskebestandane og fuglelivet.

Meir info om taretråling

Stortare

  • Laminaria hyperborea.
  • Kan bli 3 meter høg og 4 kilo.
  • Levetid: Opp til 20 år.
  • Lever i straumrike kystområde på hard botn ned til 30 meter djup.
  • Fylka er delt inn i rullerande haustefelt, med hausting kvart 5. år. 
  • Det blir hausta kring 150.000 tonn årleg, tilsvarande mindre enn 1 prosent av biomassen.
  • Eksportverdi for stortare er rekna til 1- 1,5 mrd. kroner. Ressursen blir brukt mellom anna i matvareindustri og til medisin og helsekostprodukt.

Artikkeltags