No startar jobben med innsparingar i ambulansetenesta

Stortinget si rettleiing seirer at 90 prosent av befolkninga i legevaktsdistriktet skal ha maksimalt 40 minutt reisetid til næraste legevaktstasjon.

Stortinget si rettleiing seirer at 90 prosent av befolkninga i legevaktsdistriktet skal ha maksimalt 40 minutt reisetid til næraste legevaktstasjon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

No startar Helse Førde med å gå inn i detaljane på korleis ein kan drive ambulansetenesta meir effektivt.

DEL

Helse Førde skal ha styremøte fredag 23. mars og då vert handsaming av prehospitale tenester ei av sakene. I løpet av året skal ein starte å gjennomføre endringar i ambulansetenesta.

Prosjektet har vore delt inn i tre fasar:

Fase 1 (haust 2017): Etablere prosjekt, forankring internt og eksternt. Avklare prinsipp, premissar og rammevilkar. Forankring/hoyring.

Fase 2 (vår 2018): Detaljering av modellar.

Fase 3 (haust 2018-2021 (18-36 mnd.): Implementering av vald modell.

I rapporten for fase 1 står det at dei ikkje har ei klar tilråding for storleiken på dei økonomiske rammene, men det blir vist til at i budsjettprosessen nyleg vart det signalisert at pengepotten til akutthjelp blir mindre. Samstundes fryktar ein at krav til raskare responstider eller avvikling av heimevakt kan verte kostnadsdrivande.

Helse Førde signaliserer at kostnadsreduksjonar må skje i samhandling og forståing med kommunar, legevakter og tilsette.

Det er særleg to stortingsdokument som står sentralt kva gjeld faglege tilrådingar og føringar i dei prehospitale tenestene:

- St. melding nr. 43 (1999-2000) «Om akuttmedisinsk beredskap» (8) føreslo ei rettleiande responstid for ambulansetenesta ved akutte hendingar i grisgrendte strok til å nå 90 prosent innan 25 minutt. I tettbygde strok seier rettleiinga at ambulansetenesta skal nå 90 prosent innan 12 minutt. Etter definisjonen i meldinga er heile Sogn og Fjordane å rekne som grisgrendt strøk.

- NOU 2015: 17 «Først og fremst» (9) føreslo eit tilsvarande rettleiande reisetidskrav der 90 prosent av befolkninga i legevaktsdistriktet skal ha maksimalt 40 minutt reisetid til næraste legevaktstasjon. Vidare tilrår meldinga at 95 prosent av befolkninga maksimalt skal ha 60 minutt reisetid til næraste legevaktstasjon . 

Desse krava er ikkje forskriftsfesta.

Artikkeltags