Må sjå etter fôr til bøndene "over there"

Alf Steinhovden har spesialisert seg på formidling av fôr til bøndene. I år blir det ei ekstra utfordring, sidan behovet truleg blir enormt.

Alf Steinhovden har spesialisert seg på formidling av fôr til bøndene. I år blir det ei ekstra utfordring, sidan behovet truleg blir enormt. Foto:

Alf Steinhovden tenar bra på å skaffe fôr til bøndene, men grunna tørke i Nord-Europa må han i år kanskje importere heilt frå USA.

DEL

Firmaet Alf Steinhovden Vestfôr hadde eit solid årsresultat med ein normal sommar vêrmessig i fjor. Firmaet hadde ein omsetnad på 18,2 millionar i fjor og eit årsresultat på 1,6 mill. kroner. Han tok ikkje ut leiarløn i fjor.  Også i åra før viser reknskapstala sunne driftstal.

Vanlegvis importerer Steinvhovden fôr frå Austlandet og Sverige for å dekke behovet her vestpå, men det let seg ikkje gjere no når vi har hatt den tørraste sommaren sidan 1947 i Sør-Norge. Også i Sverige har det vore knusktørt.

– No jobbar eg med å skaffe meg nye kontaktar, seier bonde og fôrimportør Alf Steinhovden til NRK.

Han få dagleg fleire titals telefonar frå fortvilte bønder som vil kjøpe rundballar til dyra sine. Han har allereie sett i bestilling 100-200 vogntog med fôr. Men det er ikkje lett å skaffe sidan det har vore tørke i nesten heile Nord-Europa.

Fôrmangelen fører til at bønder i store delar av landsdelen fryktar at dei må slakte mange dyr. Det set press på prisane, noko som har ført til at regjeringa har hasteinnført toll på utanlandsk storfekjøt.

Steinhovden fortel at han har god erfaring med import frå Nederland og Belgia , men at også område i midtvesten i USA og Kanada er høgaktuelt.

Frå 13. juli blir det tollfritt å importere grovfôr frå utlandet.

– Det er ikkje mangel på dyrefôr globalt sett, men å få kjøpt inn store mengder til rett pris og kvalitet er ikkje gjort over natta. Krisemaksimering i media er med på å presse prisane oppover. Fôret som er tilgjengeleg i Nord-Norge kan vere ei hjelp, men det er ikkje nok til å erstatte mangelen på Austlandet, forklarer han til Firdapoosten. 

Steinhovden avviser at det er store pengar å tene på aktiviteten.

– For meg handlar ikkje dette om pengar. Eg skal betene ein marknad. Det er spennande om vi klarer det, og det vil bety mykje for det norske samfunnet.

Tala frå Brønnøysundregisteret stadfestar at han ikkje opererer med stor fortenestemargin. Resultatgraden (resultat i prosent av drifta) har variert mellom eit nivå på 3,2 og opp til 12,7 prosent mellom 2012 og 2017.

Artikkeltags