Gjer klart for nyttårskonsert

Johnny Sælemyr har lang fartstid som brass-dirigent.

Johnny Sælemyr har lang fartstid som brass-dirigent. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Flora-Bremanger Brassband byr på nyttårskonsertar med fynd og klem.

DEL

Flora-Bremanger Brassband, under leiing av Johnny Sælemyr, inviterer til Nyttårskonsert i Florø kyrkje, 29. desember. Saman med Nora Oleanne Sårheim (sopran), Andreas Løken Taklo (pianist) og Vebjørn Leite Olsen (saksofon) lovar dei eit breidt reportoar av stemningsmusikk for alle oppmøtte. Konserten blir losa trygt i hamn av konferansier, Oscar Bergheim.
 

Konsert nummer 2 blir i Svelgen Samfunnshus, 3. januar 2015. Konferansier Karl Vidar Førde (ordførar) blir med og dørene opnar ein time før konsertstart og det blir sal av kaffi og kaker.

Flora-Bremanger Brass Band er eit vaksenkorps som stort sett består av musikarar frå Flora og Bremanger kommune. Bandet blei realisert 2005, og i 2008 byrja FBBB å delta på NM. I NM 2015 skal bandet konkurrere i 3.divisjon. Bandet har i 10-års jubileum i 2015 og dette vil dei markere med ein rekke konsertar både i Flora og Bremanger.
 

Artikkeltags