Hjortegard kan bli helsefarm

Sonja og Karl Vidar Førde i Ålfoten ønskjer å skape alternative næringsdrift på heimegarden i vakre Ålfoten.

Sonja og Karl Vidar Førde i Ålfoten ønskjer å skape alternative næringsdrift på heimegarden i vakre Ålfoten. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I tillegg til å vere ein attraktiv besøksgard vurderer Hjortegarden også å satse på helsebringande Inn på tunet-tenester.

DEL

Sonja og Karl Vidar Førde i Ålfoten har valt å gå nye vegar ved å selje mjølkekvotane sine og satse på hjorteoppdrett som basisaktivitet. Dei inviterer grupper til å komme å oppleve livet på garden. forvalting av naturressursane, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, hjortejakt og verdiskapinga rundt.

LES OGSÅ:

Sonja leiar gardsdrifta og har bedt om eit møte med Bremanger kommune for å kartlegge moglegheitene for kunne utvide tilbodet sitt med "Inn på tunet"-tenester.

Svaret er lovande:

- Vi vil vurdere behovet i kommunen og særleg då innan oppvekstsektoren, svarer kommunalsjef Gro Bakke Abildsnes, og viser til også NAV burde vere med for å vurdere behovet ut frå deira synsvinkel og deira tenester.

Per i dag er gardbrukarane Hilde Myklebust i Ålfoten i Bremanger og Kolbjørn Taklo på Grov i Flora godkjende med slike tenester i vårt nærområde.  Inn på tunet-gardane er del av eit nasjonalt nettverk som ønsker å skape gode opplevingar og læring for barn og unge i nærmiljøet. Det kan også vere arbeidstrening og rehablitering for menneske med rusproblem, for rørslehemma eller eldre.

Inn på tunet

Tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbyr aktivitetar som gir meiningsfylt arbeid , meistring, utvikling og trivsel. Det er mange ulike forskingsrapportar og erfaringar som viser positive effektar av denne typen tiltak:  Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruk og meistring av konkrete oppgåver på garden. Alt dette er med på forbetre kvardagen til dei som får tilbuod frå Inn på tunet-gardsbruk.

Aktuelle brukarar:

  • Barn- og unge
  • Menneske med rusproblemer
  • Funksjonshemma
  • Eldre

Artikkeltags