Gå til sidens hovedinnhold

Vere eller ikkje vere for kystveg-prosjektet

Artikkelen er over 4 år gammel

Styremøte i Kystvegen Måløy-Florø og kommunestyremøte i Bremanger neste veke kan vere avgjerande for om det blir fiasko eller suksess.

Styret i Kystvegen utsette si avgjersle førre veke i påvente av ei avklaring i forhandlingane mellom Flora og Vågsøy om Kinn kommune.

I den første forhandlinga stilte Flora ultimatum i intensjonsavtalen om val av Terøy-traséen. Denne vart dempa ned til eit ønskje under forhandlingane veka etter. No kjem saka opp onsdag 15. mars.

Flora og Vågsøy

Intensjonsavtalen seier no:

"Det primære ønsket er bru over Biskjelsneset-Tongane og veg over Terøya. Kommunane vil vurdere andre alternativ dersom det primære ønsket viser seg umogleg å realisere."

I veka som kjem skal også kommunestyret i Bremanger handsame og stemme over traséval. Det skjer torsdag. Det er liten tvil om at fleirtalet i kommunestyret i Bremanger støttar Statens vegvesen sitt forslag om Grov-alternativet. Ap og Sp som til saman har fleirtal i kommunestyret, har på sine medlemsmøte diskutert saka og er samstemte på Grov-alternativet, som det mest realistiske å kunne selje inn politisk i resten av fylket og sentralt. 

Grov peikar seg ut

Den nye leiaren i Bremanger Ap, Aina Alfredsen Førde, strekar under at dei ikkje har bestemt å binde gruppa si under avstemminga, men er likevel klar på at det ikkje er noko stor usemje om traséval ut frå dei økonomiske realitetane i løyvingar til Regional Transportplan og at det i Nasjonal Transportplan blir satsa tungt på E39 gjennom fylket.

 

Dessutan veg liv og helse tyngre enn arbeidsliv og handel.

- Vi ønskjer ikkje å låse oss heilt av omsyn til at ein skal bli samde med både Flora og Vågsøy og andre om trasévalet. Det tyngste argumentet for politikarane i Bremanger er å få kortast mogleg veg til akutt-hjelp på sjukehuset i Førde. 10 minutt skilnad kan bety svært mykje om det står om livet. Det er slett ikkje alle dagar luftambulansen kan brukast og då må ein bruke ambulanse på landevegen, forklarer ho.

Onsdag er det nytt styremøte i Kystvegen Måløy-Florø og der skal styrmedlemmer frå Flora, Vågsøy, Bremanger, Naustdal og Førde prøve å blir samde.

Høgres 200 millionars valflesk

Det feitaste valkampløftet i førre stortingsval var Bjørn Lødemel og Høgre sin lovnad om at prosjektet skal få 200 såkalla næringslivsillionar til planlegging av Kystvegen Måløy-Florø. Kvar gong vi har friska opp hukommelsen til Høgre-folk, har motargumentet vore at " Ja, men de må først bli samde om ein felles trase".

No gjeld det å lande den og gå til regjeringa for å kassere inn "flesket".

LES :

Kommentarer til denne saken