Kystvegen-tilråding kjem denne veka: Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Denne kommentaren vart skriven før tilrådinga kom ut.
Denne veka kjem Statens vegvesen si innstilling og faglege råd til korleis ein bør bygge Kystvegen gjennom fylket. Å lande denne prosessen blir den verkeleg store politiske syretesten her i nordvest. Utfallet av dette vil stake ut ei retning for samfunnsutviklinga, som avgjer om kystregionen kan få vekst, utvikling og saman gjere kvarandre sterkare og meir attraktive. Eller bli ei politisk attegløyme.
LES SAK OM TILRÅDINGA:
Med Vegvesenet si tilråding i hand, skal styremedlemmene i Kystvegen frå Vågsøy, Bremanger, Flora, Naustdal og Førde komme med sitt råd til politikarane. Det er tvingande naudsynt å samle seg om ein felles trasé. Viss ikkje så har styreleiar Reidar Sandal i Kystvegen Måløy-Florø ikkje lenger ein jobb å gjere. Utan semje blir ein ikkje lytta til – verken på fylkestinget eller i Stortinget.
Gjennom mitt arbeid i avisa har eg følgt saka tett gjennom mange år. Utstyrt med det eg vil påstå er ein normal dose folkeleg fornuft, dristar eg meg til å debutere som profet. Om eg kan takast opp i profet-kollegiet, blir avgjort om ein månad eller to.
Kommunereforma heng tett i hop med kystveg-saka. Flora og Vågsøy skal no gjere eit heiderleg forsøk på å danne felles kommune. Det legg eit taktisk press på Bremanger. Eit press som har prella av som vatn på den berømte gåsa så langt.
Fleirtalet av bremangerane seier nei til å bli del av ein større kommune ut frå akkurat den samme tankegangen som folk i Flora hadde då dei sa nei til å bli del av ein stor Sunnfjord-kommune. Det handlar om frykta for å bli marginalisert og nedprioritert, når tidshorisonten er lenger enn det ustabile garantiar i politiske festtaler kan borge for.
I konklusjonen i Bremanger kommune si eiga utgreiing av kommunereforma, står det å lese at det er tre berebjelkar som skal sikre vekst og utvikling som sjølvstendig kommune.
1. Tilrettelegging for bustadbygging.
2. Utvikling av besøksnæringane
3. Auke pendlarmoglegheitene.
Med andre ord er kystveg-prosjektet ein sentral berebjelke i kommunens eigen utviklingsplan.
Val av kystveg-trasé for Flora og Vågsøy er enkelt. Det ligg i formålet til prosjektet å satse på bynære traséar, altså ytre alternativ. Utfordringa ligg i å få resten av kystvegenstyret og nabokommunane sine folkevalde med på å velje den dyraste løysinga over Terøy inn til Florø. Grov-alternativet kan bli nær to milliardar kroner rimelegare dersom ein tek vekk bygginga av ny veg og bru over Norddalsfjorden. Vegen frå Haukå til Grov har trass alt gulstripe allereie.
Det er sterke krefter i Vågsøy, Naustdal og Førde som ser på sambandet inn mot Førde som viktigare enn til Florø. Utfallet om val av Terøy er ikkje gitt.
Greier ein ikkje å samle seg bak ein felles trasé, så blir Svelgen-Indrehus nedprioritert. Utan felles front, ingen styrke.
For Bremanger er det alt anna enn enkelt. Det politiske joker-kortet, «Ålfoten-exit», kan sikre at fleirtalet av politikarane i Bremanger går for Nordfjord-kryssing over Otteren-Bryggja, som er tre milliardar dyrare enn ytre alternativ.
Det er også sterke krefter i Bremanger som har kortast mogleg samband til Førde som prioritet ein. Det er det også lett å argumentere for, sidan det er det rimelegaste alternativet. Det gir samstundes stor innkorting av reisetid til Florø og gir kortaste veg inn på E-39 og vegen vidare til Bergen. Ei vidareføring av kystvegen frå Grov via Dale er det ikkje politisk realisme i dei første 30 åra.
Ytre alternativ over Nordfjord og indre alternativ inn mot Florø/Førde er så mykje som 5. mrd. kroner rimelegare. Det er ein så formidabel skilnad at ein ikkje kan hoppe bukk over det.
Profetiet blir då følgjande: Det blir desverre ikkje mogleg å få til eit eit økonomisk berekraftig politisk kompromiss om Kystvegen Måløy-Florø. Lufta kjem desverre til å forsvinne ut av denne politiske ballongen.
Konsekvensen av det blir at parsellen Indrehus-Svelgen på Fv 614, som ligg inne på marginallista på fylkesvegar, kjem til å bli nedprioritert. Andre vegprosjekt, der det står eit samla politisk miljø bak, vil vinne neste kampvotering om posisjon i Regional Transportplan.
For Bremanger vil det også innebere at ein mistar det viktigaste verktøyet for vekst og utvikling, utvikling av infrastruktur og pendlemoglegheiter. Det vil sjølvsagt ikkje få noko dramatiske konsekvensar for folk. Livet kjem til å rusle av garde som før, både i Vågsøy, Bremanger og Flora. Kven kan skuldast for at gjekk gale? Jau, ein kan berre skulde på kvarandre.
Ironisk sett er det vel slik at ein veit kva ein har, men slett ikkje kva ein får. Det er trass alt det det tryggaste. Så lenge ein har gode kommunale tenester og ikkje minst er godt budd på eldrebølgja, så lever vi rimeleg godt og lenge i landet.
Alvorleg talt: Eg håpar verkeleg at eg tek grundig feil og blir ein dundrande fiasko som profet.