Utsette konklusjon om traséval

Reidar Sandal - styreleiar for Kystvegen Florø- Måløy.

Reidar Sandal - styreleiar for Kystvegen Florø- Måløy. (Foto: )

Den venta tilrådinga frå Kystvegen Måløy-Florø kom ikkje. - Det er på tide å komme vidare. Eg er utolmodig, forsikrar styreleiar Reidar Sandal.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Firdaposten i 5 veker for BERRE 5 kr!

Styret i Kystvegen Måløy- Florø der ordførarane i Vågsøy, Flora, Bremanger, Naustdal og Førde er med, konkluderte ikkje om val av trasè på styremøtet måndag.

- Den største saka på møtet var trasèval mellom MÅløy og Florø. Det blei ei førebels drøfting ut frå materialet som Statens vegvesen la fram den 1. desember. Vi er inne i ein god prosess og skal diskutere dette igjen i eit nytt møte i februar. Derfor ventar eg ei avklaring relativt raskt. Etter mitt syn må vi konkludere så fort som råd er, elles kjem vi ikkje vidare i arbeidet vårt, seier Reidar Sandal.

Han viser til at det ikkje er mogleg å gjere noko jobb for å påvirke dei rette menneska og instansane verken regionalt eller nasjonalt før det ligg føre ei semje. Dei politiske prosessane særsklilt i Nordfjord i samband med kommunereforma har ikkje gjort jobben enklare for styret i kystvegen.

- Fordelen med det materialet Statens vegvesen har lagt fram no-. er at no kan vi faktisk gjere relevante samanlikningar av dei ulike alternativa. Summane er høge, men samstundes er det pluss/minust 40 prosent på kostnadskalkylene.

Styreleiaren strekar under at det må leggast vekt på både økonomi, på innkorting av reisetider og korleis alternativa kan vere med å bygge ein mest mogleg effektiv bu- og arbeidsmarknadsregion. No ser styreleiaren fram til ein konklusjon- slik at det vil vere mogleg å komme i gang med aktivt opinionsarbeid.

Artikkeltags