Frøya og Andrine sette ny rekord

REKORD: Aksjonssjefane Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson og Florarussen samla inn 115.000 kroner til kreftforeningen no i mars.

REKORD: Aksjonssjefane Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson og Florarussen samla inn 115.000 kroner til kreftforeningen no i mars. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Aldri har Florarussen samla inn meir pengar til Kreftforeningen enn i år. 115.000 kroner vart det i alt.

DEL

– No er vi skikkeleg stolte, vi skal ikkje legge skjul på det, seier aksjonssjefane Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson i Florarussen. Men dette er ikkje noko dei tek æren for sjølve. Det er medrussen sin dei trekk fram som grunnen til at dei no set innsamlingsrekord ved skulen. 

Med slik respons er det kjekt å vere aksjonssjefar i Florarussen

Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson, Florarussen

Med ny innsamlingsrekord er det all grunn til å slå seg på skuldrene. Dei fekk overraskande mykje kontantar berre på bøsseinnsamlinga dør til dør i Florø, Bremanger og Svelgen. For dei som ikkje nyttar kontantar, var det Vipps-nummeret til Kreftforeningen som vart nytta flittig. Men andre svarte på epost.

– Det var mange ivrige bedrifter i Florø som ville vere med på laget, seier dei. SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane, Ivest Consult, INC Gruppen og Flora kommune tok utfordringa deira då dei sende oppmoding rundt på E-post.

– Med slik respons er det kjekt å vere aksjonsgruppe i Florarussen, seier Frøya og Andrine. Timinga med avslutta aksjon er også perfekt. Fredag er det russerevy og feiring som står på plakaten.

Artikkeltags