Leppefisken truga av overfiske. Ein fiskar i Flora og ein i Bremanger får kvôte.

På grunn av kraftig auke i fiske etter leppefisk dei seinare åra, blei det våren 2018 innført eigne reguleringar for leppefiske med mellom anna ei open og ei lukka gruppe. 
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

På grunn av kraftig auke i fiske etter leppefisk dei seinare åra, blei det våren 2018 innført eigne reguleringar for leppefiske med mellom anna ei open og ei lukka gruppe. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Berre ein fiskar er godkjent i lukka gruppe for leppefiske i Flora og ein i Bremanger.

DEL

Den harde beskatninga av leppefisk til bruk som reinsefisk i laksenæringa har sett bestanden under hardt press og fisket etter leppefisk er ikkje opent for alle lenger. Av totalkvoten skal 90 prosent fordelast til lukka gruppe og 10 prosent til open gruppe. Kvoten er sett til 10 millionar fisk i regionen Rogaland til Stadt.

Opning 17. juli

360 fartøy har så langt fått godkjent kvote på 45.000 fisk kvar. Dette går fram av ein oversikt frå Fiskeridirektoratet. Direktoratet har jobba på spreng for å gjere klar deltakarlista før leppefisksesongen startar sør for Stadt 17. juli. Dette melder Fiskeribladet.

Hordaland blir største fylke og Austevoll største kommune i tal båtar i det lukka leppefiskfiskeriet. Hordaland har fått med 101 fartøy, Møre og Romsdal er nest største fylke med 59 fartøy.

Dei  andre store leppefiskfylka er Vest-Agder (42 fartøy), Trøndelag (38), Aust-Agder (27) og Sogn og Fjordane (18).

Ein i Flora og Bremanger

I Flora er Eirik Svardal og fiskebåten Munin godkjent, medan Kennet Andre Kolseth med Raglefanten i Bremanger er godkjent. Vågsøy har fått fem godkjende båtar, medan Askvoll har ein.

Men Nærings og fiskeridepartementet har fått 70 klagesaker.

Norges Miljøvernforbund (NMF) har kravd stans i fisket etter leppefisk, fordi dei meiner at fangsten av leppefisk har vore økologisk uforsvarleg. I 2017 blei det ifølgje Fiskeridirektoratet fangsta og levert nærare 28 millionar leppefisk.

Havforskarar er samde i at fisket etter leppefisk har vore økologisk uforforsvarleg. Kjell Nedreaas i Havforskingsinstituttet seier til NRK at tolegrensa for leppefisk-bestanden ikkje er kjent. 

– Når presset blir for hardt og langvarig, endar det med kollaps, understrekar han.

Leppefisk

I norske farvatn er det seks artar av leppefisk. Bergnebb og grønngylt er dei mest talrike. Berggylt, grasgylt og rødnebb/blåstål er mindre tallrike. Forholdet mellom desse artane varierer ein heil del langs kysten.

Dette er varmekjære fiskar som er mest talrike på Skagerrakkysten og på Vestlandet, men nokon går nordover til Lofoten. Leppefiskane er knytte til kysten og finnest gjerne i tang og tareskog, der nokon av artene bygger reir der egga blir lagt.

Oppdrett av reinsefisk

I Flora driv Havlandet Marin Yngel (HMY) med oppdrett av berggylt på oppdrag for Salmar-konsernet.

I Svelgen produserer Steinvik Fiskefarm rognkjeks som reinsefisk.

Artikkeltags