Første friar inne i salen

Otto Igland, områdesjef i Marine Harvest, og Arne Kvalvik, miljø- og myndigheitskoordinator, orienterte kommunestyret.

Otto Igland, områdesjef i Marine Harvest, og Arne Kvalvik, miljø- og myndigheitskoordinator, orienterte kommunestyret. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Marine Harvest var først ute med å fri til lokalpolitikarane i Bremanger.

DEL

Kamp om oppdrettslokalitet i Frøysjøen: Ved Skipperdalneset på nordsida av Frøysjøen er det sett av ein akvakulturlokalitet i gjeldande kystsoneplan. Sidan planen er gammal er området alt for lite for dagens oppankringssystem og det må dispensasjon til. Både Marine Harvest og dei tre selskapa Austevoll Melaks, Langøylaks og Troland Fiskeoppdrett i lag søkjer om å få ta i bruk lokaliteten. Medan dei sistnemnde har vore i grendelaget i Berle for å informere, valde Marine Harvest i førre veke å informere kommunestyret.  

Arne Kvalvik, miljø- og myndigheitskooridinator i Marine Harvest og områdesjef for Nordfjord, Otto Igland, informerte kommunestyrerepresentantane om sine planar. Lokkematen er at dersom lokaliteten viser seg å godt eigna for biologisk drift, så vil Marine Harvest vurdere å flytte fleire lisensar til området. Det kan gje nokre nye lokale arbeidsplassar, frå tre til opp til sju tilsette kan det bli ved full utbygging.

Skippedalsneset ligg vest for Berle. Det ligg eit anna Marine Harvest-anlegg på sørsida ved Gulestø, eit ved Løypingsneset aust for Hennøy og eit aust for Marøya, begge drifta av K.Strømmen Lakseoppdrett.

Skippedalsneset ligg vest for Berle. Det ligg eit anna Marine Harvest-anlegg på sørsida ved Gulestø, eit ved Løypingsneset aust for Hennøy og eit aust for Marøya, begge drifta av K.Strømmen Lakseoppdrett. Foto:

To anlegg i Bremanger

Marine Harvest har to anlegg i drift i Bremanger med tilsaman 14 lisensar, Juvika ved Dombestein og ved Gulestø på sørsida av Frøysjøen.   

- Vi er veldig opptekne av godt samarbeid med naboar og lokalsamfunn. Dersom det trengst assistanse med til dømes strandrydding eller frakting av materialar eller liknande, så stiller vi opp. Og er det nokon som vil komme og sjå korleis vi arbeider, er de hjarteleg velkomne, forsikra Otto Igland.

Marine Harvest er verdas største oppdrettsselskap med 1600 tilsette i Norge og har eit regionkontor i Måløy. Dei driftar også skulekonsesjonen til Måløy vidaregåande skule. Dei har eit fond der ein kan søke om støtte til lokale lag og organisasjonar.

Fylkeskommunen avgjer saka

Den andre interessenten, dei tre Austevoll-selskapa representert ved firmaet Havbrukspartner, har booka seg inn for å informere politikarane i formannskapet, som har møte den 22. mars.

Men det er fylkeskommunen som har det avgjerande ordet i saka. Vi spurde derfor seniorrådgjevar i næringsavdelinga, Elisabeth Aune, om korleis dei avgjer kven som eventuelt får hand om lokaliteten.

– Vi ser på dei to søkarane sitt behov for lokaliteten og om det er ulik akvakulturverksemd.

– Vil eventuelle nye arbeidsplassar telje i ei slik vurdering?

– Ja, formålet er å medverke til ei lønsam og konkurransekraftig næring innafor rammene til ei berekraftig utvikling. Det kan vere eit kriterium, seier ho og viser elles til at søknadane må godkjennast ut frå lover og forskrifter om miljøvern, matvaretryggleik, forureining, trygg ferdsel på sjøen og dyrevelferd. 

Trafikklyset er raudt

I det nye trafikklysystemet for oppdrettsnæringa, ligg Bremanger i raud sone. Det betyr at dersom ein ikkje får kontroll på lakselus-utbreiinga i området Karmøy til Stadt i Sogn og Fjordane innan to år, så skal produksjonen skruast ned (raud sone).  På Møre er det gult lys, noko som tyder at det ikkje vil bli opna for vekst.  Sjøtemperaturane på Vestlandet gir området gir gode vekstvilkår for lakselus og med det vil det også utgjere ein fare for villaksbestanden.

Søknadene som er inne no, handlar om posisjonering for framtida.

Trafikklys-indikatorar anno 2017.

Trafikklys-indikatorar anno 2017.

Artikkeltags